Smultringar

Smultringar har rykte på seg for å vere vanskelege og farlege å lage, men det er eg slett ikkje enig i. Det er ikkje ei julekake som små born skal få lov å vere med på å lage, dette høver betre når dei blir eldre og skjønar faren med varm smult. Men følgjer du råda under er dette ei fin julekake å lage!

hjemmelagde smultringer

Smultringar

Smultringar skal steikast i varmt matfeitt eller olje, og skal du gjere dette for første gong må du passe på:

  • Ha lokk tilgjengeleg, legg det over dersom det skulle ta fyr.
  • Ikkje prøv å sløkkje med vatn!
  • Ikkje gå frå ei gryte med varm smult.
smultringar

For å vite når oljen/smulten har fått rett temperatur kan du anten nytte eit termometer og sjekke at temperaturen er 160-170 grader. Eller du kan nytte deg av trikset med ei tresleiv. Då set du tresleiva med skaftet ned i botnen av gryta og ser om oljen boblar oppetter skaftet. Gjer den det er oljen varm nok. Etterkvart som du steiker smultringane må du kanskje justere varmen litt ned, slik at dei ikkje blir brende.

smultringar

Smultringar etterlet seg smult/frityr-lukt i huset, så det kan vere smart å lage smultringar før julevasken. Dei ferdige kaken er fine å oppbevare i fryseboksen.

Oppskrift på Smultringar

25-30 stk porsjonar / Tid: 1,5 t + lage deig dagen før

  • 2 egg
  • 150 g sukker
  • 1 dl kremfløyte
  • 1,5 dl seterrømme
  • 1 lita ts hornsalt
  • 1 ts kardemomme
  • 350-400 g kveitemjøl
  • 1 l solsikkeolje
  1. Visp egg og sukker til luftig eggedosis. Ha i fløyta og la den vispe med, til alt er godt blanda.

  2. Vend inn rømma.

  3. Sikt i kveitemjøl, hornsalt og kardemomme litt etter litt, og vend forsiktig inn. Hald tilbake ca 50 g av kveitemjølet til utbakinga. Røra skal vere ganske laus, den vil stivne i kjøleskapet. Dekk bakebollen og sett i kjøleskap over natta.

  4. Kjevele ut deiga til den er 0,5 cm tjukk og stikk ut rundingar ved hjelp av ein smultringutstikkar.

  5. Varm solsikkeolje i ein vid kjele. Oljen er varm nok når det putrar og boblar rundt skaftet på ei tresleiv som du set i botnen. Pass på at du har lokket til gryta tilgjengeleg dersom det skulle ta fyr.

  6. Steik ein smultring først for å sjekke at det er passe temperatur. Legg smultringen i den varme oljen, og snu den når den flyt opp og er gyllen på eine sida. La steike på andre sida og legg så over på rist dekka med kjøkkenpapir.

  7. Steik berre 3-4 smultringar i gongen, slik at du har god kontroll.

  8. Avkjøl heilt, og pakk dei som ikkje blir etne med ein gong i tett plastpose og legg i frysaren.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.