Reklame

Rullekake med bringebær

Rullekake med bringebær er kaka du skal lage om du treng ei kake på 1-2-3 og kjøleskapet manglar krem. Egg, mjøl, sukker og syltetøy er nesten alt som skal til, og dette finnast i mine skap til ei kvar tid. Kanskje er det slik hjå deg og? Då finn du steg for steg bileter og oppskrift her!

sikte mel rullekake røre enkel rullekake hvordan lage rullekake rulle kake syltetøy

Kaka treng ikkje meir enn 8-10 minutt steiketid, og det er faktisk ikkje meir enn du treng for å rydde opp på kjøkkenet og dekke kaffibordet. Sidan den er så tynn blir den fort avkjølt, og dermed kan den rullast saman med fyllet i og serverast.

bringebærrullekake

Rullekake kan fyllast med det du måtte ønskje, men bringebærsyltetøy er absolutt på toppen av lista -sjølv om skapa er fulle. Så enkelt, og så godt.

rullekake med bringebær

Denne gongen nytta eg bringebærsyltetøy frå butikken, men om du har heimelaga eller vil lage sjølv er det prikken over i’en når denne kaka skal serverast. Skal kaka stå litt før den skal nytast kan du med fordel vente med melisdrysset til rett før servering. Viss ikkje vil det trekke inn i kaka og forsvinne.

rullekake med bringebær

Oppskrift på Rullekake med bringebær

6-8 porsjonar / Tid: 30 min

  • 4 egg
  • 120 g sukker
  • 120 g kveitemjøl
  • 1 ts Helios vaniljesukker
  • 1/2 ts bakepulver
  • 2-3 dl bringebærsyltetøy
  • 100 g bringebær
  • 2 ss melis
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme og kle eit steikebrett med bakepapir.

  2. Visp egg og sukker til luftig eggedosis.

  3. Sikt i kveitemjøl, vaniljesukker og bakepulver og vend inn i røra til alt er godt blanda.

  4. Hell røra på bakepapiret, og stryk ut slik at det er jamt.

  5. Steik kaka midt i omnen i 8-10 minutt, til den er gyllen.

  6. Ta kaka ut av omnen, legg den opp ned eit bakepapir som du strør med 1-2 ss sukker. La gjerne langpanna ligge over botnen medan den avkjøler seg.

  7. Trekk av bakepapiret frå botnen av kaka, smør jamt med syltetøy uttover og rull saman.

  8. Sikt litt melis over og pynt med friske bringebær.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.