Mors knekkebrød

Desse knekkebrøda er det mi mor som står bak, og nesten kvar veke i heile vår har ho komt på døra med ei boks nybakte knekkebrød til eldste døtra som plutseleg hadde for få timar i døgnet. Mødre altså! Eller rettare sagt: mi mor altså <3

ingrids knekkebrød

I vår var det over snittet travelt i vår heim med  100% jobb, 50% blogg og ein mann som vekependla. Med to kids som skal følgjast på ulike aktivitetar, middag, lekser og alt som høyrer med var det knallhard prioritering og det som kunne leggjast til side blei lagt til side. Eg klagar ikkje altså, det gjekk heilt fint, og eg veit at det er mange som har det like travelt -ikkje berre for eit halvår. Men eg øver meg på å bli flinkare til å be om hjelp.

mors knekkebrød

Eg veit ikkje kor det er med deg, men eg vil liksom helst klare meg sjølv og brettar gjerne opp ermane om det trengst.

Alt går: anten så går det bra, eller så går det over.

Men det er midt i desse stormane då, med himmelhøg klesvaskhaug, full oppvaskmaskin, full kjøkkenbenk, to trøtte kids og ei enda trøttare mor at ho kjem på spontant besøk. Med ei knekkebrødboks i handa.

Mi mor brettar verkeleg opp ermene, på ein heilt annan måte enn min generasjon. Ho brettar saman kleshaugen på vaskerommet, plukkar ut og inn av oppvaskmaskina, pussar tennner og syng nattasong. Ho fiksar alt, samstundes som ho sender døtra ut døra for ein time avkopling og lading for resten av veka. Og så set ho igjen denne boksa med knekkebrød då.

hjemmebakte knekkebrød

Knekkebrøda som gjer at eldstedøtra smiler når ho et kveldsmat etter ein lang dag. Som blir ei påminning om kor fint det er å ha ei mamma som hjelper til sjølv når ein ikkje hugsar på å be å om hjelp. Og som smakar himla godt!

Her får du oppskrifta på mi mors knekkebrød : Ingrids knekkebrød!

Oppskrift på Mors knekkebrød

2 brett porsjonar / Tid: 10 min + 1 t steiketid

  • 400 g havregryn
  • 100 g linfrø
  • 100 g sesamfrø
  • 100 g solsikkefrø
  • 100 g graskarkjerner
  • 7 dl vatn
  • 1 ts salt
  • 2 ts kanel
  1. Set steikeomnen på 175 grader varmluft og klargjer to steikebrett med bakepapir.

  2. Rør saman alt til ei jamn masse og fordel uttover dei to steikebretta. Pass på at det er mest mogleg jamt uttover.

  3. Steik knekkebrøda i 10 min, ta dei så ut og rut dei opp i passe storleik ved hjelp av ein kniv, pizzaskjærar eller skarp slikkepott. Set bretta tilbake i omnen.

  4. Steik i tjue minutt til, før du byttar plass på bretta og steiker vidare i 30 min. Tilsaman blir det altså 60 minutt steiketid.

  5. Ta knekkebrøda ut av omnen, knekk dei opp og la dei avkjøle på rist. Av og til treng knekkebrøda midt på brettet litt ekstra steiketid, då kan du ettersteike dei på samme temperatur i 5-10 min til, slik at dei også blir heilt tørre.

  6. Oppbevar knekkebrøda i tett boks, og nyt dei med godt pålegg.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.