Quesadilla

Quesadilla er vel ein av dei matrettane som knapt treng ei oppskrift. Men du og du så godt det er! Heilt perfekt som noko lite og godt ein kveld du er fysen på noko, eller som ein lett lunsj når du har gjestar. Fiks ferdig på under 15 minutt og null stress å lage.

kesadija

Quesadilla er to lefser med smelta ost i mellom. Og så er det opp til deg å fylle med andre favorittar. Krydder er eit must, og ostesmørbrødkrydder og italienske basilikum og oregano passar godt. Alt som er godt på pizza er godt i quesadilla. Paprika, tomat, ruccola…you name it.

quesadilla

Kremost med krydder er ein av mine favorittar saman med riven ost. So enkelt og so godt, og alltid i kjøleskapet. Har du ein favoritt vil eg gjerne høyre! Send meg gjerne ein snap:)

enkel quesadilla

Oppskrift på Quesadilla

2 porsjonar / Tid: 15 min

  • 4 tacolefser
  • 2 dl ost
  • 2 ts oregano/basilikum
  • Evt: ruccola/skinke/pepperoni/kremost
  1. Legg ost og krydder og evt fyll på ei lefse, og legg ei anna lefse over.

  2. Steik på middels-høg varme i ei steikepanne til lefsa er gyllen. Hald ein tallerken opp-ned over steikepanna, og snu alt rund til at lefsa landar på tallerkenen. La lefsa gli tilbake i steikepanna og steik til den andre sida også er gyllen.

  3. Del opp i pizzastykker og server med det same!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.