Reklame

Raw-kake med bringebær

Raw-kake med bringebær er mi første raw-kake! Den blei kjempegod – den andre gongen eg laga den.. Sidan det ikkje er sukker i kaka er det alfa og omega at du nyttar ei type søting som du likar. Den første gongen brukte eg ein honning som eg eigentleg ikkje likar smaken på (ja det er stor skilnad på ulike typar honning, berre prøv!) -og då vart kaka deretter. Den neste gongen derimot nytta vi deilig bringebærhonning og då blei kaka veldig, veldig god!

raw ostekake med cashewnøtter

Så om du kan lære noko av meg, utan å måtte gjere same feilen sjølv, så er det å smake på honningen (eller anna type søting om du vel det) før du har det i, for det kjem til å gje søtsmaken på kaka.

raw-kake

Når du skal lage rawkake med cashewkrem på er det ein stor fordel om du let nøttene ligge i bløyt over natta. Dersom du har gløymt dette bør dei i allefall få liggje eit par-tre timar i vatn slik at dei blir lettare å jobbe med.

raw-kake med bringebær

Toppingen kan du også velje om du vil dele i to, slik at du får ein kvit del i midten og ein rosa del på toppen slik det ofte er på ostekaker. Då lagar du cashewkremen utan bringebæra i, tek til side halvparten og blandar så vidare med bringebæra i den resterande halvparten. Den versjonen blei ikkje like fin hjå meg, men med litt øving er eg sikker på at det blir bra!

raw-kake med bringebær

Fekk du lyst til å lage raw-kake du også? Her har du oppskrifta:

 

Oppskrift på Raw-kake med bringebær

(rund form 18 cm) porsjonar / Tid: 20 min + 1 t i frys + bløytlegging av nøtter

Botn

  • 150 g Helios dadlar
  • 65 g Helios mandlar
  • 65 g Helios valnøtter
  • 1/4 ts salt

Cashewkrem

  • 240 g Helios rå cashewnøtter
  • 0,5 dl honning
  • 1 dl Helios kokosolje
  • 1 vaniljestang
  • 1 sitron
  • 2,5 dl bringebær
  1. Legg cashewnøttene i ein bolle og fyll på med vatn til dei er godt dekka. La ligge over natta, eller i allefall i 3 timar. Hell av vatnet og skyl nøttene i eit dørslag. La renne godt av seg medan du lagar botnen.

  2. Lag botnen ved å kjøre dadlar (utan stein), mandlar, valnøtter og salt i ei matmølle eller i ein kraftig blender til du har ei jamn masse.

  3. Trykk botnen uttover i ei 18 cm rund form (eller bruk ei firkanta form/lasagneform), gjerne kledd med bakepapir i botnen. Set i kjøleskap medan du lagar cashewkremen.

  4. Ha dei avrende cashewnøttene i matmølla (eller ein kraftig blender) og kjør til ei glatt masse. Ha i honning, kokosolje (om den ikkje er flytande så varm den forsiktig til den blir det), bringebær, frøa frå vaniljestanga og safta frå sitronen. Kjør sammen til alt er godt blanda.

  5. Fordel cashewkremen over kaka og set forma i frysaren i ein time før den er klar for servering. Velbekomme!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.