Reklame

Tacograteng

Tacograteng er fylt med steikt løk, kjøttdeig, mais, hakka tomat og tacokrydder. Toppa med smelta ost og gratinert i omnen er den perfekt å setje på bordet saman med nachos og guacamole! Ein ny vri på den gode fredags-smaken, laga på 1-2-3.

tacograteng

Dersom du har resta av tacokjøttdeig er denne perfekt å diske opp med som ein god lunsjrett dagen etter. Du kan sjølvsagt tilsetje paprika, gulrot eller anna du måtte ha på lur i kjøleskapet, det funkar fint.

grateng med taco

Om du vil lage vegetarversjon kan du bytte ut kjøtet med brune bønner eller linser, og elles bruke oppskrifta som den er. Vi serverte berre avokado i skiver til, men det er jo sjølvsagt aller best med guacamole om du vil ta deg tid og bry med å lage det!

 

taco grateng

 

Oppskrift på Tacograteng

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 400 g kjøttdeig
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ss Helios stekeolje
  • 2 ss tacokrydder
  • 300 g Helios mais
  • 400 g Helios hakka tomat
  • 1-2 ss frisk basilikum (kan sløyfast)
  • 100 g riven ost
  1. Del løk og kvitløk i bitar og fres i litt olje til løken blir blank.

  2. Skubb løken ut til kanten av steikepanna og fres kjøttdeiga i midten. La den bli godt bruna for god smak.

  3. Strø over tacokrydder og bland godt.

  4. Ha i mais og hakka tomat og bland godt.

  5. Ha i hakka frisk basilikum om du har og strø over ost.

  6. Set panna inn i steikeomnen under grillelementet i 3-5 minutt, eller på 225 grader i ca 10 min.

  7. Server med nachochips og avokado.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.