Reklame

Eltefritt firkornbrød

Eltefritt firkornbrød er laga med eit av dei nye produkta som Helios har presentert no i haust: Helios 4-korn flak med havre, bygg, rug og spelt. Det passar perfekt som ei enkel ferdigblanding i brødbakst, og gir både god smak og alle gode eigenskapar til dei ulike kornsortane.

eltefritt firkornbrød

I tillegg til 4-korn flak er porsjonsbegera med økologisk havregraut noko av det som gledar meg av nyheiter! Perfekt å ha med som niste, frukost eller turmat og genialt at den er glutenfri. Smaken av eple og kanel blir nok min favoritt!

helios nyheter

I tillegg til havregrauten finn du også to ulike pastasausar og ein ny type eplemos med mango i. Eplemosen er jo perfekt å bruke i denne oppskrifta, og raud pesto er supergodt i denne pastasalaten. I tillegg er det fleire nye idear på blokka mi, så  ikkje sjå vekk i frå at det kjem til å kome fleire rettar med desse nyheitene i.

oppskrift eltefritt firkornbrød  eltefritt firkornbrød

I eltefritt firkornbrød som du får oppskrift på under her er det tida på som gjer jobben med å få eit perfekt brød med sprø skorpe og deilig smak. Den eltefrie metoden går ut på at du raskt rører saman ingrediensane, og då meiner eg raskt -ingen elting her, og så let deiga stå på benken over natta eller medan du er på jobb. Då vil nemleg deiga få tid til å utvikle seg og resultatet blir knallgod brødbakst med minimal innsats frå deg. Mmmm!

4-korn brød

Oppskrift på Eltefritt firkornbrød

1 brød / 6 porsjon / Tid: 90 min + 12 t

  • 150 g Helios firkornflak
  • 450 g kveitemjøl
  • 1 ts honning
  • 1/2 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 5 dl vatn
  1. Set bakebollen på ei vekt og null ut. Mål opp firkornflak og kveitemjøl og ha i resten av ingredeiensane. Rør kjapt saman med ein slikkepott til det akkurat er blanda. Set på eit lokk og la stå på kjøkkenbenken i alt frå 8 til 16 timar.

  2. Set omnen på 250 grader og set gryta inn.

  3. Bruk ein slikkepot og vend saman deiga til eit brød midt i bakebollen og legg på lokket igjen. La brødet etterheve i 30 min medan omnen og gryta varmar seg opp.

  4. Ta gryta ut av omnen, pass på slik at du ikkje brenn deg, og skrap/hell brøde over i gryta. Rist på gryta slik at det legg seg fint i og strø over litt firkornflak på toppen.

  5. Legg på lokket og set gryta inn i omnen. Steik på 250 grader i 15 minutt, ta så av lokket og steik i 30 minutt på 230 grader.

  6. Avkjøl brødet på rist.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.