Reklame

Meksikansk gryte

Meksikansk gryte var maten vi alltid fekk servert på øvinghelg og andre samlingar i mi tidlegare korps-karriere. Eller karriere og karriere, det var kanskje å overdrive – men maten var i allefall meksikansk gryte!

gryte meksikansk

Denne versjonen liknar på det vi fekk, men denne er det ein smule meir smak på, og om du likar det litt spicy kan du gjerne auke mengda chilikrydder. Den typen vi hadde i skuffen akkurat no passa akkurat med mengda du finn i oppskrifta, men chilikrydder varierer veldig. Smak deg fram!

gryterett

På desse korpssamlingane var det alltid ekstra ris og salat (kinakål salat sjølvsagt) som tilhøyr, men her kan du gjerne velje å servere nachos, salsa og guacamole til i staden. Det er vel litt meir kjende ingrediensar no enn kva det var tidleg på 90-talet;)

Får du restar er dette digg mat å varme opp dagen etter, eller legge i frysaren for kjapp middag ein dag med mykje på programmet. Velbekomme!

meksikansk gryte

Oppskrift på Meksikansk gryte

4-6 porsjonar / Tid: 30 min

  • 1 løk
  • 2-3 fedd kvitløk
  • 2 ss Helios stekeolje
  • 400 g kjøttdeig
  • 680 g Helios tomat passata (eller 400 g hakka tomat)
  • 400 g Helios kidneybønner
  • 1 raud paprika
  • 1 grøn paprika
  • 1 gul paprika
  • 2 dl Heliso basmatiris
  • 1 ss spisskummen
  • 1 ts chilipulver
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 4 dl vatn
  • 1 ss Helios grønsaksbuljong
  1. Del løk i terningar og fres i oljen saman med finhakka kvitløk, til løken er blank.

  2. Ha i kjøttdeiga, la den få litt steikeskorpe før du hakkar den opp og steiker vidare til den er bruna. Strø over krydder og bland i.

  3. Del paprika i terningar og ha i gryta.

  4. Ha i ris og hell over tomatsausen, vatn og grønsakbuljong. Kok opp.

  5. Skyll kidneybønnene i eit dørslag og ha dei i gryta, skru ned varmen og la gryta småputre til risen er ferdig, det tek 15-20 min.

  6. Smak til med meir salt og peppar om det trengst og servér!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.