Kjøttkaker i brun saus

Kjøttkaker i brun saus er tradisjonsmat på sitt beste, og vel verdt å ta fram igjen frå minneboka. Kjøttkaker er faktisk så enkel å lage at det høver fint på ein heilt vanleg kvardag, det tek ikkje meir enn ein dryg halvtime før maten er på bordet!

kjøtkaker i brun saus

Med ferdigkjøpt kverna kjøttdeig er det berre å blande saman ved hjelp av fingrane, steike lett i panna og så la trekke i ein deilig brun saus. Under finn du oppskrift på heilt enkel brun saus med jamning, men her kan du piffe opp sausen om du vil. Kanskje finn du noko godt i kjøleskapet som kan få vere med å setje smak på sausen?

Ei lita teskei soyasaus er godt, nokre skiver brunost eller rognebærgele gjer også god nytte. Eller har du kanskje ein favoritt som er din hemmelege ingrediens? Då må du gjerne dele vidare:)

kjøttkaker i brun saus

Kjøttkaker er også fint å oppbevare i frysaren, så har du skikkeleg enkel middag til neste veke. Då lagar du brun saus som vanleg, og let dei frosne kjøttkakene tine og bli varme i den rykande sausen -det går kjapt!

oppskrift kjøttkaker

Oppskrift på Kjøttkaker i brun saus

4 porsjonar / Tid: 40 min

Kjøttkaker

  • 500 g kjøttdeig
  • 1,5 ts salt
  • 1/2 ts pepar
  • 1/2 ts muskat
  • 2 ss finhakka løk
  • 2 ss potetmjøl
  • 1,5-2 dl mjølk (eller vatn)
  • 2 ss smør til steiking

Brun saus

  • 2 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl (eller glutenfritt mjøl)
  • 4-5 dl kraft (eller vatn og buljong)
  • 1 dråpe sukkerkulør (kan sløyfast)

Tilbehør

  • 8-10 poteter
  • 4-5 gulrot
  • Tyttebærsyltetøy
  • Kruspersille
  1. Skrell og sett over potetene og gulrøttene, slik at dei får koke ferdig medan du gjer klart resten.

  2. Bland saman kjøttdeig, kryder, potetmjøl og finhakka løk. Dette er enklast om du brukar fingrane. Spe med mjølk til du har ei jamn og passe blaut masse, den skal ikkje vere rennande.

  3. Smelt litt smør i ei steikepanne. Form runde kaker som du steiker til dei er bruna på begge sider, men dei treng ikkje bli gjennomsteikt. Dypp fingrane i litt vatn mellom kvar gong, så går det lett å forme kaker.

  4. Smelt smør i ei kasserolle og rør inn mjølet. Rør i jamninga og la den brune seg til perfekt farge. Spe med litt og litt av krafta og rør godt mellom kvar gong slik at du unngår klumpar i sausen. Om du ikkje fekk perfekt farge på sausen kan du gjerne den litt mørkare ved hjelp av ein dråpe sukkerkulør.

  5. Ha kjøttkakene i sausen, og la dei trekke rett under kokepunktet til dei er gjennomkokte.

  6. Server kjøttkaker med poteter, gulrot og tyttebærsyltetøy.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.