Pølsebrød

Pølsebrød som er heimelaga kan ikkje samanliknast med kjøpebrøda som ligg samanklistra i ein pakke på butikken. Dessverre er det oftast denne smaklause typen som blir servert, både her i huset og ute på avslutningar og grillparty. Men det er det på tide å gjere noko med! pølsebrød

Pølserbrød er finfint å lage ein dag du skal vere heime og har tid til å la deiga heve og etterheve. Tid er alfa og omega når det er snakk om gjærbakst, og sjølv om denne deiga er enkel å lage trengst det tid for å få det perfekte resultat.

hjemmebakte pølsebrød

Lagar du pølsebrød og legg i fryseboksen er det enkelt å servere heimelaga pølsebrød neste gong det er pølse-i-brød på menyen anten heime eller på ei avslutning. Her får du oppskrifta på knakandes gode heimelaga pølsebrød!

oppskrift pølsebrød

TIPS:

  • Pølsebrøda kan fint frysast. Tin dei på benken og varm dei nokre få minutt i steikeomnen eller på grillen før servering.
  • Denne oppskrifta er glimrande til å lage hamburgerbrød også. Lag runde bollar som du trykker ganske flate før dei etterhevar og steiker på samme måte som pølsebrøda.

Oppskrift på Pølsebrød

4 porsjonar / Tid: 2-3t

  • 1 dl vatn
  • 2 dl mjølk
  • ca 450 g kveitemjøl
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ts salt
  • 1 pk tørrgjær
  • egg til pensling
  • sesamfrø på toppen
  1. Ha lunka melk og vatn i ein bolle saman med alt det tørre og elt med kjøkkenmaskin (eller for hand) i ca ti minutt til du har ei jamn deig.

  2. Dekk til bollen og la heve til dobbel storleik.

  3. Del emnet i 8 like delar på godt mjøla underlag og trill til avlange pølser.

  4. Legg pølsebrøda på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve under eit klede i 30 min.

  5. Pensle med samanvispa egg og strø sesamfrø på toppen.

  6. Steik pølsebrøda midt i omnen på 200 grader over- og undervarme i 15-20 minutt -til dei er gylne.

  7. Avkjøl brøda på ei rist før du deler dei nesten i to og fyller med gode pølser og godt tilbehør.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.