Lammepita med myntepesto og tzatziki

Lammepita med myntepesto og tzatziki er nydeleg mat som er enkel å nyte fleire dagar på rad. Dette er mat som det er perfekt å få restar av, og som du difor gjerne kan lage mykje av.

lammepita

Lam passar glimrande saman med mynte, og her er det tradisjonell pesto som har fått smak av mynte i staden for basilikum. Det blir veldig godt, og er slett ikkje vanskeleg å lage.

Har du hatt lammesteik til middag kan du gjerne nytte restane av kjøt i denne retten. Det blir veldig godt, og noko heilt anna enn lammesteika dagen før. Både myntepestoen og tzatzikien er fin å bruke til grillrettar eller salatar, og held seg fint nokre dagar i kjøleskap.

myntepesto oppskrift myntepesto

TIPS: for variasjon kan du gjerne bytte ut pitabrødet med wrap i staden, eller erstatte brødet med meir salat. Mmmm!

pita med tzatziki

Oppskrift på Lammepita med myntepesto og tzatziki

4 porsjonar / Tid: 20 min

Lammepita

  • 4 pitabrød
  • 1 liten løk
  • 1 fedd kvitløk
  • 400 g lammekjøtt (gjerne ferdig steikt)
  • 1 ss spisskummen
  • 1 ts paprikapulver
  • salt og peppar

Tilbehør

  • 1/2 rødløk
  • 1/2 sitron
  • 6-8 små tomatar
  • 100 g ruccola/salat

Myntepesto

  • 2 dl mynteblad
  • 2 ss pinjekjerner
  • 1/2 raud chili
  • 100 g parmesanost
  • salt og peppar
  • ca 2 dl god olivenolje

Tzatziki

  • 3 dl gresk yoghurt
  • 1 agurk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1/2 sitron
  • salt og peppar
  1. Lag tzatziki først ved å rive agurk på den grove sida av eit rivjarn. Ha over i eit dørslag og la renne av seg, gjerne med litt salt over slik at du får dratt mest mulig væske ut. Klem ut så mykje du klarer av den resterande væska og bland saman pressa kvitløk, agurk, yoghurt og sitronsaft. Smak til med salt og peppar og set tzatzikien i kjøleskapet slik at den kan godgjere seg.

  2. Lag myntepesto ved å ha mynteblad, riven parmesanost, chili, salt og peppar og halvparten av oljen i ein blender saman med rista pinjekjerner. Pinjekjernene ristar du raskt ved å steike dei i ei tørr panne til dei er gylne.
    Spe med olivenoljen til passe konsistens, og smak til med salt og peppar.

  3. Klargjer tilbehøret ved å dele rødløken i ringar og legge den i ei lita skål saman med sitronsafta. Del tomat og klargjær salatblad.

  4. Del løk i bitar og fres i ei panne til den er blank. Ha i kvitløk, kjøtet og krydder og steik til kjøtet akkurat er gjennomsteikt (eller varmt om du nyttar ferdigsteikt kjøt).

  5. Varm pitabrød på 200 grader i nokre få minutt.

  6. Server lune pitabrød med lammekjøtt, tzatziki og myntepesto.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.