Reklame

Bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær er fløyelsmjuk ostekake som verkeleg er ein høydare på eit kvart kakebord. Med blåbær gøymt inne i kaka og på toppen blir det i tillegg knallfarge!

kjeksbunn blåbærsyltetøy

Eg har tidlegare publisert Bakt ostekake med bringebær her på bloggen, og den kan absolutt anbefalast, med ein litt annleis steikemetode. For at bakte ostekaker skal bli jamnast mogleg steikt og ikkje sprekke opp på overflata er det vanleg å steike kake i vassbad. Det vil seie at du fyller opp vatn så høgt som råd oppetter kakeforma i ei langpanne. Det funkar veldig bra, og gir veldig godt resultat!

ostekake med blåbær

Men så er det dette vatnet og sølet med det då…. Difor blei eg nysgjerrig då eg kom over ei ostekake med ei heilt anna steikemetode hjå BBC Goodfood. Her skulle kaka steikast i omn på ulike temperaturar i staden for å bli steikt i vassbad. Etter litt meir søking trur eg jammen også at Fru Timian også har testa denne metoden og samme oppskrifta her for nokre år sidan -med dei lekre bileta!

new york ostekake

Uansett, metoden funka den -bortsett frå at kaka sprakk opp på toppen. Det er jo akkurat det som er grunnen til å steike i vassbad, for å unngå sprekker. Men løysinga er ikkje så vanskeleg skjønar du: pynta kaka med bær! Tadaaa! Ingen ser sprekkene, kaka smakar akkurat like fløyelsmjukt som den skal og ein slepp vatn og greier og greier. Suksess!

bakt ostekake med blåbær

At kaka blei kjempegod og at oppskrifta allereie er lova bort til halve selskapet må også takast med i introduksjonen. Konklusjonen er altså: lag bakt ostekake med blåbær og pynt den på toppen!

bakt ostekake med blåbær

Oppskrift på Bakt ostekake med blåbær

8-10 porsjonar / Tid: 30 min + 4 t

Botn

  • 300 g Digestivekjeks
  • 150 g smør

Blåbærfyll

  • 100 g blåbær
  • 2 ss Helios lyst rårørsukker
  • 1 ss maizena
  • 1 ss vatn

Ostefyll

  • 600 g kremost naturell
  • 250 g Helios lyst rårørsukker
  • 1 ts Helios vaniljesukker
  • 3 egg
  • 3 dl seterrømme

Blåbærpynt

  • 100 g blåbær
  • 2 ss melis
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme og gjer klar ei 22-24 cm rund kakeform.
    Smelt smøret, knus kjeksa og bland saman. Press ned i kakeforma, gjerne ved hjelp av eit glas eller ei skei. Steik midt i omnen i 10 min.
    Avkjøl.

  2. Varm opp blåbær og sukker i ei lita kasserolle til sukkeret har løyst seg opp. Rør ut maizena i vatnet og bland så inn i blåbærblandinga. Varm opp til det tjuknar, set til side.

  3. Visp kremosten til den er fri for klumpar. Visp inn sukker og vaniljesukker, rør inn egga og rømmen til ei jamn blanding.

  4. Hell halvparten av osteblandinga over kjeksbotnen og fordel halvparten av blåbærblandinga i små klattar over. Hell så resten av osteblandinga over og avslutt med resten av blåbærblandinga. Bruk ein tynn kniv eller baksida på ei skei for å lage mønster.

  5. Steik kaka midt i omnen på 200 grader i 10 min. Skru så ned temperaturen til 110 grader og steik i 30 min. Slå deretter av omnen og la kaka stå i omnen i 60 min. Tilslutt opnar du døra på gløtt og let kaka stå endå ein time før du set den i kjøleskap.

  6. La kaka stå 4 t, eller over natta, i kjøleskap før servering. Pynt med blåbær og sikt over melis før servering.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.