Reklame

Kanelsnurr med eplemos

Kanelsnurr med eplemos gir ekstra saftige og søte bollar, og er definitivt luksuversjonen av dei tradisjonelle kanelsnurrane. Søt eplemos blanda med kanel smakar nydeleg!

kanelsnurr med eplemosKanelsnurrane lagar du som normalt, men i staden for smør og sukker smører du eplemos uttover deiga før du strør med kanel. Anten leitar du fram eplemos frå frysaren, eller så kokar du raskt eplemos av nokre epler medan deiga hevar seg. Vel verdt det lille ekstra arbeidet!

hjemmebakt kanelsnurr

Rekk du ikkje ete alle kanelsnurrane samme dag som du bakar held dei seg best om du legg dei i frysaren i tette plastposar. Ta dei opp den dagen du vil nyte noko godt og la dei tine på benken før du varmar dei 3-5 min på 150 grader varmluft. Då smakar dei som nysteikte igjen:)

kanelsnurr oppskrift

Oppskrift på Kanelsnurr med eplemos

ca 25 bollar / porsjonar / Tid: 3 t

Kanelsnurr

  • 1 kg kveitemjøl
  • 150 g Helios rårørsukker
  • 1 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 ts Helios kardemomme
  • 5 dl H-mjølk
  • 1 egg
  • 150 g smør i terningar

Eplemos

  • 250 g epler
  • 0,5 dl vatn
  • ca 75 g sukker

Fyll

  • 3-4 ts Heliso ceylon kanel
  • Perlesukker til pynt
  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret og 50 g av kveitemjølet, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.

  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.

  3. Dekk bakebollen og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.

  4. Kjevle deiga til eit stort rektangel, bruk resten av mjølet på bakebordet slik at deiga ikkje sit fast.

  5. Smør uttover eplemos og strø med kanel.

  6. Rull saman som ei rullekake og del opp i ca 1 cm tjukke skiver.

  7. Legg snurrane på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve under eit klede i 20-30 min.

  8. Skru omnen på 200 grader over- og undervarme og strø perlesukker på toppen av snurrane før du set dei midt i omnen. Eit brett i gongen.

  9. Steik i 15-20 min, til snurrane er gylne.

  10. Avkjøl på rist og nyt.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.