Eplemos

Haust betyr eplesesong, og gjerne overflod av epler. Vi kjøpte ei kasse med epler frå Epledama som tek turen til bygda frå Flo i Stryn, og har laga eplekaker i fleng sidan. Men no blei det nok eplekake og epla byrja å synge på siste verset.

Det er min eigen feil, sidan vi bur i eit hus utan denne mørke grovkjellaren har dei nemleg blitt liggande på ei varm bod. Sånn i etterpåklokskap noterer vi til neste år at dei kanskje heller skal få plass i boda i garasja…

eplemosMen tilbake til epla som sang på siste verset, det er jo alt for gale å kaste noko slikt så gode råd måtte til. Og løysinga er sjølvsagt eplemos! Skrell epla, kok dei med litt vatn, tilset sukker og kok litt til. Fiks ferdig og klar for frysaren for deilige epledessertar gjennom heile året.

koke eplemosMengda med sukker kjem an på kor søte epla dine er, så her må du stikke ei skei i massen, blåse godt og så smake om det er søtt nok før eplemosen er ferdig. Smak og behag rett og slett. Her får du steg for steg:

eplesyltetøy

 

Oppskrift på Eplemos

1 kg porsjon / Tid: 30-40 min

  • 1 kg epler
  • ca 1 dl vatn
  • ca 250 g sukker
  1. Skrell og del epla i bitar.

  2. Legg eplebitane i ei kasserolle saman med vatnet og kok opp.

  3. La småkoke, gjerne under lokk, til epla er møre og kan mosast.

  4. Mos epla med ein potetstappar eller liknande og tilset sukkeret.

  5. Kok opp og la småkoke i 5-10 min, rør om av og til.

  6. Hell over i små beger eller i små plastposar, la avkjøle og set så det du ikkje skal ete med det samme i frysaren.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.