Eplekake med daimkuler

For nokre veker sidan kom «Epledama» frå Flo i Stryn på besøk her i bygda med kassevis av epler plukka på garden heime hjå dei. Då kunne vi sjølvsagt ikkje la vere å handle sidan det blei levert på døra og all ting. Resultatet er at vi har epler i lange baner i heimen, og då blir frekvensen av eplekaker noko høgare enn normalt!

eplekaker med epler frå flo

Eplekake med daimkuler er klassisk eplekake, toppa med sprø karamellsjokolade -etter kidsa sitt ønskje. Her kan du sjølvsagt velje om du heller vil ha eplekake utan desse kulene eller kanskje erstatte dei med mandelskiver, det er også veldig godt!

eplekake med daimkuler

Epleskiver vendt i kanel og sukker på toppen av mjuk kakebotn er perfekt dessert å servere no på hausten, og har du fått tak i norske epler er det berre å fråtse medan sesongen er på topp. Eg prøvde med på å lage eplerose på toppen av kaka, men her kan du fordele epleskivene nett slik du vil!

verdens beste eplekake

Oppskrift på Eplekake med daimkuler

22-24 cm porsjonar / Tid: 45 min

  • 3 egg
  • 150 g sukker
  • 150 g smør
  • 150 g kveitemjøl (eller glutenfritt)
  • 1 ts bakepulver
  • 4-5 epler
  • 2 ss sukker
  • 1 ts kanel
  • 50 g daimkuler
  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme.

  2. Visp eggedosis av egg og sukker.

  3. Smelt smøret, la det avkjøle litt, og bland inn i røra saman.

  4. Sikt i kveitemjøl og bakepulver, og vend inn.

  5. Hell røra over i bakepapirkledd kakeform.

  6. Del epla i skiver og ha dei i ein brødpose saman med sukker og kanel, slik at dei blir godt dekka på begge sider.

  7. Legg epla over kakerøra, lag mønster om du vil, eller berre fordel dei uttover og strø restane av kanel og sukker over.

  8. Steik kaka i omlag 30 min, til kakepinnen er fri for røre når du sjekkar.

  9. Avkjøl i 10 min, før du losnar kaka frå forma og serverer lun eplekake, gjerne med is, krem eller kesam til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.