Reklame

Frukostmuffins med bacon og cheddar

Det er tid for ny #tastetwist-konkurranse hjå Apetina, der du kan vinne ei splitter ny Kitchen Aid maskin! For å delta lagar du din eigen vri på ein klassisk rett, deler den på Instagram og brukar #tastetwist. Easy peasy og veldig gøy!

muffins med bacon

Min versjon er ein vri på den klassiske muffinsen! Her servert som ein frukostmuffins med bacon og cheddarost i. Det gjer at det blir smakfullt og saftig, og nydeleg som frukost – eller lunsj.

Muffinsane kan gjerne frysast, og så varmast opp før servering. Har du lyst til å lage dei så finn du oppskrifta her på Apetina sine sider.

frokostmuffins

Har du lyst til å lage din eigen vri på ein rett og delta i konkurransen? Les instruksjonane under og hiv deg med:)

For å delta gjer du som følger:

  1. Lag din eigen vri på ein tradisjonell rett og del den på Instagram med emneknaggen #tastetwist.
  2. Stem fram din favoritt på Apetina sine konkurransesider!
frukostmuffins med bacon og cheddar

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Apetina

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.