Reklame

Scones med kefir og aprikos

Scones med kefir og aprikos i samarbeid med Tine – Kefir

scones med kefir og aprikos

Scones med kefir og aprikos er deilig mat å server til frukost eller ein ekstra god lunsj. Deiga rører du raskt saman, og steiker med det same. På den måten kan du servere nysteikt bakst dei gongane du har gløymt å planleggje i god tid.

scones med aprikos

Desse sconsa er laga med grovt mjøl og er heilt utan sukker – ein perfekt måte å starte morgonen på med andre ord! Oppskrifta gir 7-8 scones og høver dermed til omlag fire personar.

scones med kefir og aprikos

Server gjerne scones med kremost og syltetøy på, med ein stor kopp te ved sidan av. Då er den engelske kjensla innan rekkevidde ein heilt vanleg haustmorgon i Norge:)

tine kefir

 

Oppskrift på Scones med kefir og aprikos

4 porsjonar / Tid: 25 min

  • 150 g kveitemjøl
  • 150 g fin sammalt kveite
  • 1 ts natron
  • 1/4 ts salt
  • 50 g (8-10) tørka aprikos
  • 2 dl kefir
  • 2 ss olivenolje
  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  2. Del aprikosane i små bitar.

  3. Rør saman alt til ei jamn deig.

  4. Trill ei ca 30 cm lang pølse av deiga og trykk 1 cm flat ved hjelp av handbaken.

  5. Brett deiga slik at den ligg i to lag, men framleis er like lang, og del opp i 7-8 sconesbitar.

  6. Set på bakepapirkledd steikebrett og steik i omnen i 10-15 min, til dei er gylne.

  7. Avkjøl på rist, og server lunkne gjerne med med kremost og syltetøy.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Tine Kefir

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.