Kvit pizza med beter

Mia bak bloggen Green Bonanza har kjørt i gong utfordring for alle oss matbloggarar, og dette må ein sjølvsagt delta på! Denne gongen er det beter som står i fokus, og reglane er ganske enkle: lag noko med beter!

høstens beter

Eg grubla men tenkte at eg uansett ville lage noko med bakte beter, for betene blir så himla gode når dei får stå i omnen og godgjere seg ei stund. Og så hadde eg så lyst på pizza då, sidan det var helg og all ting. Så då blei svaret sjølvsagt: pizza med bakte beter!

pizza med beter

Kvit pizza med beter

For at alt skal gå så raskt som råd blir betene skjært i tynne skiver før dei går i omnen, slik at dei ikkje treng meir ein ein brøkdel av tida det tek å bake ei heil bete. For vi vil jo sjølvsagt ha pizzaen raskt på bordet!

Eg testa grov glutenfri botn denne gongen, men om du ikkje treng å ta slike omsyn kan du gjerne lage vanleg pizzabotn som du finn oppskrift på her.
På butikken var eg så heldig å finne både gule og raude beter, og då blei begge med heim. Du kan sjølvsagt nytte akkurat dei betene du vil!

Knasande valnøtter saman med salt fetaost er klassisk tilbehør i ein betesalat, og gjer seg glimrande på ein betepizza. Toppa med peppersmaken frå ruccola blei dette gode smakar i lag, som definitivt skal lagast igjen!

beter utfordring

Sjekk ut nokre av dei andre matbloggarane sine gode beteoppskrifter:

Mia bak bloggen Mias mat har laga Ovnsbakt rødbethummus

Lise von Krogh har laga Stek og marinert mangold (baldbete)

Therese bak bloggen My Nordic Kitchen har laga Beet & Berry Bowl

Johanna bak bloggen Matmagi har laga Enkel rødbetesalat

Tove bak bloggen Idéfull har laga Rødmende Betefruer

kvit pizza med beter

Oppskrift på Kvit pizza med beter

2-3 porsjonar / Tid: 1 time

Glutenfri pizzabotn

  • 300 g glutenfri grov mjølblanding
  • 1 ts salt
  • 1/2 pk tørrgjær
  • ca 3 dl vatn

Kvit pizzasaus

  • 2-3 ss creme fraiche
  • 1 fedd kvitløk

Topping

  • 2 små beter
  • 1-2 ss olivenolje
  • 1 dl fetaost
  • 1 dl valnøtter
  • 25 g ruccola
  • Salt og peppar
  1. Lag pizzabotnen først ved å elte saman alt til ei jamn deig. La heve på ein lun stad i 30 min.

  2. Set omnen på 200 grader over- og undrevarme. Vask betene godt og del dei i tynne skiver. Legg dei uttover ei bakepapirkledd steikebrett og ringle over olivenolje. Steik dei i 10-12 min til dei er mjuke gjennom.

  3. Kjevle ut pizzadeiga, stryk uttover creme fraiche blanda med pressa kvitløk.

  4. Fordel beter, grovhakka valnøtter og fetaost uttover.

  5. Skru omnen opp til 230 gradre og steik pizzaen til botnen er gyllen, ca 15 min tok det hjå meg.

  6. Topp med ruccola og krydre lett med salt og peppar før servering.

  7. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.