Reklame

Enkel eplepai og kvifor økologisk mat

Da eg inngjekk samarbeid med Helios tidlegare i år var ønsket mitt at alle godene ved å velje økologisk mat skulle bli betre kjende for fleire. Dette var noko vi i familien vår oppdaga då eg skreiv bacheloroppgåve om økologisk mat i 2014, og resultatet blei at vi byrja å handle meir og meir økologiske produkt.

helios produkt

Familien vår prøver å velje mest mogleg økologisk når det er tilgjengeleg, spesielt det som borna skal ete. Dette er ofte noko eg får spørsmål om kvifor vi vel å prioritere. Kva er vinninga ved å velje økologiske produkt? Eg har samla nokre av tankane vi har gjort oss om kvifor vi vel økologisk så ofte som råd, og dei får du her:

norske epler

Utan sminke

Når du vel økologiske produkt vel du mat utan matsminke, altså utan tilsette stoff for at maten skal sjå finare og betre ut. Då seier det seg sjølv at produsenten må velje dei beste råvarene (som allereie ser fine ut) i staden for å velje dei dårlege og så jukse dei til for at du skal kjøpe dei.

eplepai

Utan sprøytemiddel

I tillegg til at du får i deg mindre tilsetjingsstoff slepp du også unna sprøytemiddel når du vel økologiske produkt. Sidan ein ikkje nyttar dette i produksjonen er det heller ikkje restar av gifta i produktet du skal ete. Bra for miljøet og bra for deg!

Dei ikkje-økologiske varene vi kjøper har mål for kor mykje restar av sprøytemiddel det er lov til å vere i produktet. Dessverre er det slik at desse grensene er utrekna med utgongspunkt i vaksne kroppar og ikkje for born med mindre vekt. Dei vil dermed få ei større prosentvis samling giftstoff i kroppen, sjølv om verdiane er innafor, enn vi vaksne. Difor er det ekstra god grunn til å velje økologisk for born. Dess meir økologiske produkt du vel, dess mindre potensielt farlege stoff vil dei få i seg.

Cocktaileffekten

Eit anna moment som er viktig å tenkje over når det gjeld tilsette stoff, er kva den samla effekten av dei gjer med oss, den såkalla cocktaileffekten. Kanskje toler vi eit unaturleg stoff, men kva då når det blir blanda med to eller tre andre giftstoff? Toler kroppen det? Dette veit ein lite om langtidseffekten av, og her vel vi å vere føre var.

eplekake

Dersom du vel økologisk vil du minske mengda med giftstoff i kroppen din, og farane ved at desse verkar i lag:)

Dyrt med økologisk mat

Synest du økologisk mat kostar for mykje?
Lag akkurat passe med mat, eller kos deg med restar dagen etter.
Då varer matvarene så mykje lenger, og dei få kronene du har brukt ekstra på å få dei beste, reine og naturlege produkta er snart innsparte. Kanskje kan dei sparast inn ved å kutte brus, blad eller pastiller neste gong du handlar?

helios eplepai

Under finn du ei av oppskriftene eg har levert til Helios dette året der eg har nytta deira økologiske produkt. Denne gongen er det enkel eplekake, perfekt no når det er haust og eplesesong!

 

eplepai

Oppskrift på Enkel eplepai og kvifor økologisk mat

4-6 porsjonar / Tid: 45 min (inkl. steiking)

  • 220 g kveitemjøl (eller 150 g jyttemel for glutenfri versjon)
  • 100 g Helios økologisk havregryn
  • 2 ts Helios økologisk bakepulver
  • 150 g smør
  • 125 g Helios økologisk kokosblomstsukker
  • 4 epler
  • 2 ts Helios økologisk kanel
  • 3 ss Helios økologisk koksblomstsukker
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Bland mjøl, havregryn, bakepulver og sukkeret saman med mjukt smør i terningar. Bruk gjerne ei kjøkkenmaskin, eller knip det saman med fingrane.

  3. Trykk deiga ut i ei paiform, spar gjerne litt til å smuldre på toppen.

  4. Legg epler i tynne skiver i ett lag, strø over kanel og sukker og gjenta til alt er brukt opp.

  5. Smuldre resten av deiga over og sett eplepaien inn i omnen.

  6. Steik eplepaien midt i omnen i ca 25 min.

  7. Server lun eplepai me iskrem, vispa krem eller vaniljekesam.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.