Krema blomkål- og potetgrateng

Krema blomkål- og potetgrateng er fint å servere som ein lett liten rett i seg sjølv, eller som digg tilhøyr når du diskar opp med fisk eller kjøtrettar. Retten er rask og enkel å lage, og står på bordet på ein halvtime.

krema blomkål- og potetgrateng

Eg nytta kalde poteter frå gårsdagens middag i denne, og det er det aller enklaste. Om du ikkje har kalde restepoteter liggande kan du fint skippe den ingrediensa, eller så kan du dele potetene i terningar og la dei koke med blomkålen. Poteter i terningar treng som regel ikkje meir enn ti minutt koketid før dei er klare dei også.

krema blomkål

Når du blandar saman kan du gjerne vere raus med salt og peppar, det gjer berre denne retten ekstra god!

Håper det fell i smak, velbekomme!

blomkål grateng

Oppskrift på Krema blomkål- og potetgrateng

3 porsjonar / Tid: 35 min

  • 1 blomkål
  • 4 små kokte poteter
  • 1/2 ts sennep
  • 150 g kremost naturell
  • 2 dl riven mozzarella og cheddar ost
  • 2 knekkebrød
  • salt og peppar
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Kok opp ei kasserolle med lettsalat vatn.

  3. Del blomkålen i små bukettar, og stilken i små bitar.

  4. Kok blomkålen medan du gjer klar resten, ca 5 minutt.

  5. Rør saman kremost, sennep, halvparten av osten, salt og peppar.

  6. Del dei kokte potetene i terningar.

  7. Hell av kokevatnet på blomkålen og la dei dampe av seg.

  8. Grovhakk knekkebrøda.

  9. Vend saman kremostblandinga med blomkål, poteter og knust knekkebrød.

  10. Ha over i ei eldfast form og strø over resten av osten.

  11. Gratiner i omnen til osten er gyllen, det tek ca ti minutt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.