No bake cheese cake

Det blir liksom ikkje same schvungen over «Ikkje bakt ostekake» som med «No bake cheese cake», så du får unnskylde framanspråket i overskrifta. Men uansett språk og namn er denne desserten genial enkel og nydeleg god.

 

no bake cheese cake

No Bake Cheese Cake

Har du, som oss, plukka blåbær i haust og fylt frysaren er det berre å hente ein batch med det samme. Knus kjeks, visp krem og fordel bæra over. Vips, så er desserten klar og du kan nyte herlegheita med ein god kopp kaffi til.

enkel ostekake

Har du nyplukka blåbær kan du sjølvsagt nytte det, men frosne blåbær i frysaren er finfine til dette. Varm dei lett i ei lita kasserolle og fordel over, då vil du få fin blåbærsaft over den kvite kremen som pyntar ekstra!

no bake cheese cake  ostekake i glass

 

Oppskrift på No bake cheese cake

6 porsjonar / Tid: 15 min

  • 150 g digestive kjeks
  • 50 g smør
  • 1 dl kremfløyte
  • 3 ss melis
  • 1/2 vaniljestang
  • 150 g kremost naturell
  • 1 ss sitronsaft
  • 1 lime
  • 4 dl blåbær
  • 1 ss sukker
  1. Knus kjeksa og bland inn smelta smør. Fordel dette i seks små glas, hald tilbake 1-2 ss som du kan bruke som pynt.

  2. Visp kremfløyta til luftig krem saman med melis og frøa frå vaniljestanga.

  3. Rør ut sitronsafta i kremosten, og vend så dette inn i kremen.

  4. Fordel kremen over i glasa.

  5. Bland inn sukkeret i blåbæra, er dei frosne gjer du dette i ei lita kasserolle på middels varme til dei akkurat er tina.

  6. Fordel bæra over kremen og pynt med rive limeskal og resten av kjekssmulane.

  7. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.