Reklame

Surmelkskjeks

Surmelkskjeks er deilig mjuke og tjukke kjeks som kan nytast varme rett frå omnen eller leggast i kakeboksen for seinare høve. Kjeksa held seg nemleg fint i ei tett boks og er fine å ta fram som avslutning på ein god frukost, eller som ein liten snack når du er lysten på noko godt.

surmelkskjeks

Surmelkskjeks

Surmelkskjeks kan anten etast som dei er eller smørast og serverast med ost på, det er opp til deg å finne din favoritt! Klarer du ikkje å ete alle du bakar med ein gong kan du gjerne fryse ned kjeksa du får til overs.

surmelkskjeks kefir

Denne oppskrifta gir omlag to brett med surmjølkskjeks, avhengig av kor tjukke du lagar dei. Om du vil doble oppskrifta kan du gjerne gjere det, men då treng du ikkje doble mengden med hornsalt og natron.

bake surmelkskjeks

 

oppskrift surmelkskjeks

 

Oppskrift på Surmelkskjeks

ca 2 brett porsjonar / Tid: 60 min

  • 2,5 dl Tine Kefir
  • 1 dl sukker
  • 1 ts hornsalt
  • 1/2 ts natron
  • 75 g smør
  • 100 g havregryn
  • 450 g kveitemjøl (hvetemel)
  1. Smelt smøret og bland alt godt saman i ein bakebolle. (Eg synest eg får best resultat dersom eg lagar ei litt klissete deig og heller bruker mykje mjøl ved utbakinga).

  2. La deiga kvile i 20-30 min.

  3. Set omnen på 200 grader.

  4. Kjevle til ei flat leiv (som om du skulle ha laga julemannar) og stikk ut kjeks med ei form eller eit glas. Prikk dei med eit grillspyd el.l.

  5. Legg over på bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i 10-12 min til kjeksa er gylne.

  6. Avkjøl på rist.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Tine Kefir

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.