Fiskegrateng med erter

fiskegrateng

Fiskegrateng med erter har deilig muskatsmak frå kvit saus, er fluffy av stivpiska eggekviter og fylt med grøne, gode erter. Litt meir grønsaker lurt inn der altså, og det er jo stort sett det vi mødrer prøver på når vi skal servere mat til kidsa.

Fiskegrateng er ein av kvardagsfavorittane, og langt i frå så vanskeleg å lage frå botnen som du trur. Eg lagar gjerne fiskegrateng ein dag etter jobb, men har du aldri laga det før kan du gjerne lage den klar kvelden før og setje den i kjøleskap til dagen etter.

Då kan du berre setje den i omnen og steike den når du kjem heim frå jobb, og ha ein god halvtime til å rydde slappe av.

fiskegrateng fiskegrateng med erter hjemmelagd fiskegrateng med erter

TIPS: bruk gjerne ei lav eldfast form og ikkje ein høg type som på biletet, då treng du i tilfelle litt lenger steiketid enn det som er gitt i oppskrifta.

Oppskrift på Fiskegrateng med erter

3-4 porsjonar

Fiskegrateng

  • 300g torsk (eller anna fisk)
  • 4 dl H-mjølk
  • 2 ss maizena
  • 1 ss smør
  • 1/2 ts muskatnøtt
  • 1 ts salt
  • 1/4 ts peppar
  • 3 egg
  • 2 dl frosne erter

Servert med

  • Kokte poteter og gulrot
  • Smelta smør
  1. Set omnen på 200 grader over-og undervarme.

  2. Steik torsken i litt smør til den flakar seg, og del den i mindre bitar. (Eller bruk ferdig kokt/steikt torsk)

  3. Rør ut maizena i 1/2 dl av mjølka.

  4. Smelt smør og ha resten av mjølka i ei kasserolle og kok opp.

  5. Rør ut den kalde mjølk-maizena blandinga i den varme mjølka og la småkoke i 2 minutt. Ha i muskatnøtt, salt og peppar.

  6. Skil egga og ha eggekvitene i eit miksebolle. Visp eggekvitene stive, set til side.

  7. Trekk kasserolla frå varmen og rør inn eggeplommene slik at du får ein fin lysegul saus.

  8. Ha frosne erter og fisk i sausen og vend dei forsiktig inn.

  9. Vend dei stivpiska eggekvitene forsiktig inn i fiskeblandinga.

  10. Hell over i ei eldfast form og steik midt i omnen i 35-40 min.

  11. La gjerne fiskegratengen kvile i ti minutt før servering.

  12. Server fiskegrateng med kokte poteter, gulrot og smelta smør.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.