Easy peasy pasta

easy peasy pasta

Easy peasy pasta er middagen du treng den dagen du ikkje har tid til å lage middag. Du veit når det er strålande sol ute og du vil berre få i deg noko mat og kome deg ut, ut, ut!

Eller når fotballtreninga til eldstemann startar om 45 minutt, og det gjeld å få stilna den største svolten før dei neste timane går med til å kjøre, bringe, hente, vente.

rask enkel pasta

Eller når energinivået er på null. Du har vore på jobb heile dagen, kanskje til og med ein time eller to for lenge, og du har lyst på noko ukomplisert som du kan ete frå ei skål med beina høgt og ei episode av Friends på tv’en.

Kjenner du deg igjen? Ja for slike dagar finnast definitivt i mitt liv og dei dagane er denne retten gull. Easy peasy. Null stress. Beina høgt. God mat. På ti minutt. Okey då, kanskje tolv.

Denne retten er så easy peasy at du kan lage den til så få eller så mange du vil. Difor får du måla til ein person, og så kan du trikse og mikse slik du vil. Prinsippet er enkelt, pasta og kremost, og så tek du det du finn i kjøleskapet og miksar i. Har du spekeskinke liggande for eksempel? Kjempegodt!

enkel pastarett

Oppskrift på Easy peasy pasta

/ Tid: 15 min

  • ca 100 g ukokt quinoa pasta (eller fullkorn pasta/spelt pasta...etc)
  • 2 ss ruccola & pesto-kremost (eller krydder/naturell/urter)
  • 2 ss riven mozzarella og cheddar (eller anna ost)
  • salt og peppar
  • 1 ss pinjekjerner

I tillegg kan du gjerne ha i

  • 2 tomatar
  • 1 ts kryddersmør
  • friske urter
  • spekeskinke
  1. Kok opp ei kasserolle med vatn (superkjapt dersom du er heldig å ha induksjonstopp)

  2. Ha i litt salt i kokevatnet og kok pastaen al dente, altså slik at den har litt tyggemotstand.

  3. Hell av kokevatnet og ha i kremost og riven ost og bland inn. Rør også inn kryddersmøret her om du vil.

  4. Krydre godt med salt og peppar og strø pinjekjerner over. Om du vil kan du gjerne riste pinjekjernene litt i ei tørr steikepanne først, då smakar dei meir.

  5. (Ha i tomat, meir friske urter og spekeskinke eller andre smakar du finn i kjøleskapet.)

  6. Set deg med beina høgt og nyt enkel, krema pasta på 1-2-3!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.