Brokkolisalat med jordbær og pistasjenøtter

brokkolisalat med jordbær og pistasjenøtter

Sommaren er ikkje heilt over – sjølv om det kom snø i fjella her på Sunnmøre i går! Vi håper at den forsvinn like fort som den kom, og nektar å gje slepp på den varme fine tida heilt enno.

Det betyr lett mat, og mykje friske bær. Her har eg pimpa opp favoritten brokkolisalat med jordbær og lagt til ekstra krønsj med pistasjenøtter. Det blei kjempe godt! Neste batch blei servert med bringebær i staden, og det kan også anbefalast på det varmaste.

Denne salaten lagar du på under 20 minutt. Del opp brokkoli, rør samman dressing og bland alt. Fiks ferdig! Og så fint å ha klar i kjøleskapet når grillgjestane kjem då:)

deilig brokkolisalat

Brokkolisalat med jordbær og pistasjenøtter

3-4 personar som rett/ for fleire som tilbehør

  • 1 brokkoli
  • 1 rødløk
  • 2 dl riven mozzarella
  • 1 dl rosiner
  • 1 dl hakka valnøtter
  • 1 dl rømme
  • 1 dl majones
  • 1-2 ss sitronsaft
  • 1 ss honning
  • ½ ts salt
  • ¼ ts pepper
  • 200 g jordbær
  • 100 g pistasjenøtter
  • 10-12 skiver spekeskinke

 

brokkolisalat med spekeskinke

Oppskrift:

  1. Rør saman dressingen ved å blande rømme, majones, sitronsaft, honning, salt og peppar.
  2. Skyll brokkolien godt og del den i mindre biter, stilken også.
  3. Del rødløk i terningar.
  4. Grovhakk valnøtter og pistasjenøtter.
  5. Hald tilbake jordbæra og nokre av pistasjenøttene, men bland saman resten.
  6. Topp alt med friske bær og nokre nøtter til pynt.
  7. Velbekomme!
brokkolisalat med jordbær og pistasje brokkolisalat med jordbær og pistasjenøtter

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.