Mokkais

hjemmelaget sjokoladeiskrem

Om du har klikka deg litt rundt på bloggen her, så har du kanskje fått med deg at mokkafromasj er det store å server i våre familieselskap. Det finnast ingen dessert verken over eller ved sidan av om gjengen på morssida mi får velje kva som skal stå på kakebordet. Heilt til no kanskje? I give you: Mokkais!

Mokkais smakar nydeleg likt mokkafromasj og skal testast på familiegjengen ved neste ishøve. Sjokolade og kaffi i ei herleg blande tronar på toppen av mine favorittsmakar. Server saman med sommarens friske bær blir dette ein nydeleg sommardessert å servere til små og store.

mokkafromasj is

Det fine med is laga av søt kondensert mjølk (den lille boksen veit du) er at du ikkje treng iskremmaskin, og det krevst minimalt med planlegging. Har du ein boks i skapet (og sidan haldbarheita er opp mot uendeleg på denne boksen er det ingen grunn til at du ikkje skal ha ei ståande) kan denne iskremen lagast på eit kvarter. Eit kvarter! Fantastisk spør du meg! Ingen grunn til å ikkje lage mokkais altså -her får du oppskrifta:

mokkais

Mokkais

Til omlag 2 liter is treng du:

  • 6 dl kremfløyte
  • 400 g søt kondensert mjølk
  • 100 g mørk sjokolade
  • 1 ss pulverkaffi
  • 1-2 ss kokande vatn
is med kaffismak

Oppskrift

  1. Rør ut pulverkaffi i vatnet til det er oppløyst. La avkjøle litt.
  2. Ha kremfløyte og søt kondensert mjølk saman med den avkjølte kaffien i ein bolle og visp til krem. (Dette tek litt lenger tid enn med berre kremfløyte).
  3. Hakk sjokoladen i bitar og vend inn i fløytemassen.
  4. Hell over i form, dekk til, og sett i frysaren over natta.
  5. Ta ut isen litt før servering og la den tine litt før du kan servere deilig heimelaga mokkais.
mokkais

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.