Baconsurra kylling med krema pasta

 

Baconsurra kylling med krema pasta

Baconsurra kylling med krema pasta er ein av desse deilige kvardagsmiddagane som er raske å lage og lette å like. Her er det berre å steike kyllingen, eller grille om det er grillsesong, koke pasta og røre saman den krema sausen.

Det som avgjer kor lang tid det tek å lage retten er varmen og måten du vel å tilberede kyllingen på. Du kan både grille den, steike den på panna eller la den ettersteike i steikeomnen. Det er opp til kokken, altså deg, å avgjere!

Pastaen kan du variere frå den vanlege typen og velje for eksempel spelt, fullkorn eller quinoa. Finn du noko spanande på butikken, så prøv! Variasjon er jo gull. Håper middagen fell i smak hjå deg og.

nydelig pastarett

Baconsurra kylling med krema pasta

Til 2-3 personar

  • 2 kyllingbryst
  • 2 skiver bacon
  • 1-2 ss smør/olje til steiking
  • ca 300 g pastaskruar
  • 2 ss olivenolje
  • 2 dl kremfløyte
  • 1 eggeplomme
  • salt og peppar
  • friske urter og parmesanost
oppskrift baconsurret kylling

Oppskrift:

  1. Surr bacon rundt kyllingbrystet og steik på middels-høg varme på begge sider i litt smør/olje. Legg på lokk, skru ned varmen, og la steike ferdig til kyllingen er gjennomsteikt, eller set steikepanna (om den toler det) inn i steikeomnen og la kyllingen steike ferdig der, 10-15 min på ca 200 grader. Har du betre tid kan du gjerne bruke lågare temperatur og steike lenger.
  2. Kok pasta som anvist på pakken, til den er al dente -altså har litt tyggemotstand. Hell av kokevatnet og rør inn olivenolje.
  3. Ha kremfløyte i ei lita kasserolle/steikepanne og varm opp til kokepunktet. Trekk kasserollen vekk frå varmen og rør inn eggeplommen. Krydre godt med salt og peppar og ved inn inn i pastaen.
  4. Server krema pasta med kylling på toppen, gjerne med parmesanost og friske urter til.
  5. Velbekomme!
bacon kylling Baconsurra kylling med krema pasta

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.