Reklame

Pull Apart Ostebrød

Pull Apart Ostebrød i samarbeid med Apetina
/annonse/ ostebrød ruccola og pesto

Pull Apart Ostebrød er eit deilig ostebrød med Apetina sin nye kremost med Ruccola Pesto Kremost og smelta Mozzarellaost. Ruccola med sin gode peparsmak blanda med pesto er to favorittar i ein og den nye kremosten har allereie blitt ein favoritt her i heimen, både på knekkebrød, kjeks og som erstatning for pizzasaus på pizza!

rivebrød

I dette pull apart ostebrødet, eller stablebrødet som blir meir norsk, er innsida fylt med ruccola- og pestosmak og toppen har smelta mozzarellaost. Brødet er perfekt som tilbehør til supper, tapas og andre smårettar.

pull apart ostebrød pull apart ostebrød

Får du restar av brødet er det perfekt å dele opp i skiver og legge i fryseboksen. Då kan du enkelt ta opp ei skive ein gong du skal ete suppe eller noko anna åleine. Etter ein rask tur i brødristaren har du det nydeligaste tilbehøret til retten din på 1-2-3.

stablebrød med ost

Fekk du lyst til å lage pull apart ostebrød finn du oppskrifta på brødet her hjå Apetina og vil du lese meir om Taste Team som eg er ein del av finn du det her.

Ha ein fin sommardag:)

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Apetina

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.