Clafoutis med kirsebær

clafoutis med kirsebær

Clafoutis med kirsebær er ein populær fransk dessert med deilige bær steikt samman med ei søt pannekakerøre. Retten kan faktisk serverast både til lunsj og kvelds, sjølv om eg kanskje held ein knapp på at dette er meir dessert enn ein rett.

Originalt skulle clafoutis lagast med dei første kirsebæra som var modne om sommaren, og steinen eller kjernen i kirsebæret skulle vere med i steikinga for å gi best smak.

Sidan eg ikkje har ein slik fancy «cherry-pitter» var det enklast å la kirsebæra steike med heile, og det gjorde ingenting når herligheita skulle nytast. Steinen losnar fint frå bæret og er enkel å legge til side når ein et desserten. Og smaken? Den var det ingenting å utsette på!

Men for ordens skuld har eg googla om ein kan finne slikt i Norge; og trur du ikkje Ina frå Mat på Bordet allereie har sikra seg ein?! Ein slik blir med meg heim ved neste høve! Sjekk instrumentet og hennar versjon av clafoutis her🙂

clafoutis med kirsebær

Kan du å lage pannekakerøre? Då kan du å lage clafoutis! Finn fram ingrediensane og server deilig fransk dessert på under ein halvtime!

clafoutis med moreller

Clafoutis med kirsebær

  • 400 g kirsebær (moreller)
  • 1 ss sukker
  • 1 ss smør

Røre:

  • 70 g kveitemjøl (eller glutenfritt kakemjøl)
  • 1/4 ts salt
  • 2 ss sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 dl H-mjølk
  • 2 egg
  • 1 ss smør
clafoutis med moreller enkel kake med moreller fransk dessert kirsebær

Oppskrift:

  1. Set omnen på 220 grader over- og undervarme.
  2. Smelt smøret til røra.
  3. Bland saman alt det tørre og visp inn mjølka til du har ei klumpefri røre.
  4. Ha i det smelta smøret og visp inn egga.
  5. Fjern kjerna i kirsebæra om du vil, originalt skal dei ikkje fjernast for å gi best mogleg smak.
  6. Smelt smøret i ei steikepanne som toler å bli sett i omnen (eller leit fram ei paiform som du kan helle alt i i staden).
  7. Ha i kirebæra og la dei steike på middels høg varme i 1 minutt.
  8. Strø over sukkeret og rør forsiktig heilt til sukkeret er smelta, det tek kanskje 2 minutt.
  9. Dra steikepanna vekk i frå varmen og hell over røra.
  10. Set steikepanna (eller paiforma) på rist midt i omnen og la steike til clafoutis’en er gyllen i kantane og steikt igjennom, 18-20 min.
  11. La avkjøle i 5-10 min før du serverer med eit melisdryss på toppen.
  12. Velbekomme!
morellekake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.