Horn med ost og skinke

ostehorn

Horn med ost og skinke er genial turmat å ha med i sekken og funkar både som frukost, lusj og kvelds. Du kan velje om du vil fylle alle med både ost og skinke eller om du vil ha nokre med berre ost eller nokre heilt utan fyll.

Har du ein osteskalk som er vanskeleg å skjære skiver av men som er for gale å kaste er det no du skal leite den fram og dele den i terningar. Legg inn i ostehorna og vips -problem løyst!

horn med ost og skinke

Vel du å ha berre ost i horna er det godt med litt krydder inni, og her funkar alt som funkar på ostesmørbrød! Kanskje har du litt krydra ost i kjøleskapet også? Kjempe godt!

horn med ost og skinke

Horn med ost og skinke

Til 16 horn

  • 3 dl mjølk
  • 600 g kveitemjøl
  • 100 g smør
  • 1 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • 1 egg
  • 16 skiver ost
  • 8-16 skiver kokt skinke
  • Egg til pensling
  • Litt ekstra riven ost på toppen
horn med skinke og ost

Oppskrift:

  1. Smelt smør og bland med mjølka slik at det blir fingervarmt.
  2. Rør saman alt det tørre, men hald tilbake ca 50 g av kveitemjølet. Dette kan du elte inn når deiga skal kjevlast ut om det trengst.
  3. Ha i egget, smøret og mjølka og elt saman i kjøkkenmaskin i ti minutt til du har ei jamn deig.
  4. Dekk til deiga og la heve til dobbel storleik, 1-2 t på ein lun plass.
  5. Del deiga i to og elt inn resten av mjølet om det trengst.
  6. Kjevle ut til ein runding og del opp i åtte pizzastykker.
  7. Legg ost og skinke i ytterkant og rull saman til eit horn.
  8. Sett horna på eit bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i 30 min under eit klede.
  9. Pensle horna med samanvispa egg og strø ost på toppen før du set det inn i omnen på 200 grader over- og undervarme.
  10. Steik horna til dei er gylne, ca 15-20 min, og avkjøl på rist.
horn med ost

TIPS:

  • Horna kan gjerne frysast. Tin dei på benken og varm dei nokre minutt på 200 grader i steikeomnen før servering eller set dei rett inn i omnen frå frysaren på 180 grader varmluft i 15 min.
  • Horna kan gjerne lagast med berre ost om du vil skippe skinka, eller ost og deilig krydder. Oregano og basilikum eller andre italienske krydder er godt!
hjemmebakte host med ost og skinke

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.