Salte mandlar

salte mandler

Salte mandlar altså. Vi er heilt hekta heile gjengen her! Mamma kom heim frå hytta og fortalde om omssteikte sprø mandlar med salt på, som ho hadde laga så lett som berre det. Det var starten på ein ny snack-favoritt!

salte mandlar

Ho hadde steikt dei omnen først, hatt over litt vatn og salt og steikt dei vidare i omnen. Enkelt og greitt! Etter å ha skumma gjennom ein del oppskrifter på nettet fann eg fort ut at ein annan metode var like mykje i bruk, nemleg å koke mandlane litt først -akkurat som med saltkokte poteter– og så steike dei i omnen for å gjere dei sprø etterpå.

Vi har testa begge måtane å gjere det på, og tenkjer vel eigentleg at det er hips om haps korleis du vel å gjere det. Det einaste du må passe på er at du steiker mandlane lenge nok slik at dei blir sprø og knasande (du kan nesten høyre skalet korleis det poppar) -men ikkje så lenge at dei blir brende. Ein hårfin balanse der altså, og det avgjerande for om du får gode sprø mandla eller endar opp med seige/for lite steikte eller brende/for mykje steikte. Men det der lærer du fort;)

ovnsristede salte mandler

Salte mandlar

  • 250 g mandlar
  • 5 dl vatn
  • ca 4 ss salt (gjerne himmalayasalt)
ovnsstekte salte mandler

Oppskrift

Metode 1:

  1. Set omnen på 170 grader varmluft (eller 200 grader over- og undervarme).
  2. Ha salt og vatn i ei lita kasserolle og kok opp.
  3. Ha i mandlane og la dei småkoke i 4-5 min, rør rundt innimellom.
  4. Hell av kokevatnet og la mandlane dampe lett av seg i kasserollen medan du klargjer eit steikebrett med bakepapir.
  5. Spre mandlane utover bakepapiret, og ha gjerne litt ekstra salt på om du synest det blei for lite.
  6. Steik mandlane midt i omnen i 10-15 min, og ta dei ut rett før dei blir brende.
  7. La mandlane avkjøle før du kan nyte nydeleg heimelaga snack.

Metode 2:

  1. Set omnen på 170 grader varmluft (eller 200 grader over- og undervarme).
  2. Spre mandlane uttover eit bakepapirkledd steikebrett og set midt i omnen i 10-12 min.
  3. Ha mandlane i ein bolle og ha over vatn til dei er akkurat dekka. Bland godt rundt slik at alle mandlane blir godt bløytne, og hell så av vatnet.
  4. Legg mandlane på steikebrettet igjen og strø over raust med salt.
  5. Steik i 10-15 min, og ta dei ut av omnen rett før dei blir brende.
  6. La mandlane avkjøle før du kan nyte nydeleg heimelaga snack.
salte mandlar

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.