Smoothie ispinne

blåbær ispinne

Smoothie ispinne er resultat etter mi begeistring for smoothie-bowl som du finn mange ulike versjonar av her på bloggen. Med restar frå ein slik deilig frukost ein dag og tomme ispinneformer blei det ein ny type is her i heimen.

Med sunn kokosolje, avokado og berre søta av bær og honning må dette vere ein av dei beste isane som kidsa (og dei vaksne) kan ete i sommar! Dette er rett og slett frukost på på pinne!

smoothiebowl ispinne

Er du heldig å finne friske bær så kan du sjølvsagt nytte dei, og viss ikkje så er det fullt lovleg å gå på jakt i frysedisken på butikken.

sunn ispinne

Smootie ispinne

Til ca 12 ispinnar / 1 smoothie-bowl og 6 ispinnar

  • 1 (frosen) banan
  • 2 dl (frosne) blåbær
  • 2 dl (frosne) bringebær
  • 1 avokado
  • 400 g kokosmjølk (ikkje lettversjon)
  • 1 ss ekstra virgin kokosolje
  • 2 ss flytande honning
smoothie ispinne smoothie ispinne

Oppskrift:

  1. Kjør alt i ein blender til det er ei jamn masse.
  2. Smak til at det er søtt og godt, tilset evt meir honning. Hugs at det smakar mindre når det er fryst.
  3. Fordel i isformer/yoghurtbeger og set i frysaren i minst fire timar.
  4. Skyll isforma nokre sekund under varmt vatn slik at den losnar lett, og nyt deilig heimelaga sunn og god is!
hjemmelaget ispinne

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.