Enkel sjokoladekake med moreller

sjokoadekake med kirsebær

Moreller eller kirsebær er verkeleg ein hit på kaker i det store utland, og det er utruleg så lekker ei kake kan bli berre ved å fylle ein type bær på toppen!

Desse saftige bæra har gått ned på høgkant meir enn ein gong som noko godt ein sein kveld her i huset, så saftige og gode! Saman med sjokoladekake toppa med deilig sjokoladeganache blir det endå betre, sjokoladesmaken passar glimrande saman med moreller.

kirsebær

Sjokoladekaka er ein enkel sukkerbotn med sjokoladesmak som er dynka med kaffi og fylt og toppa med sjokoladeganache. Ganache er den beste og enklaste sjokoladeglasuren du kan få og er laga av berre to ingrediensar: sjokolade og kremfløyte. Sjokoladen hakkar du i småbitar, kremfløyten varmar du opp og tømmer over. Etter nokre minutt rører du og får ein nydeleg tjukk og blank sjokoladeglasur som kan brukast både til kaker og is. Fekk du lyst å lage sjokoladekake med moreller du også? Her har du oppskrifta:

enkel sjokoladekake med moreller

Enkel sjokoladekake med moreller

Rund form 24 cm / 2 t

Sjokoladesukkerbrød:

  • 4 egg
  • 120 g sukker
  • 30 g kveitemjøl (sjå tips under for glutenfri versjon)
  • 30 g bakekakao
  • 60 g potetmjøl
  • 1 ts bakepulver

Sjokoladeganache:

  • 200 g mørk kokesjokolade
  • 3 dl kremfløyte

Pynt:

  • 1 korg moreller
moreller

Oppskrift:

1. Sett omnen på 175 grader over- og undervarme.
2. Ha (romtempererte) egg og sukker i ein bolle og visp leeenge, til du har lys gul og luftig eggedosis.
3. Bland det tørre og sikt i. Vend det forsiktig inn, slik at du beheld lufta i eggedosisen.
4. Hell røra over i ei kakeform som du har kledd med bakepapir i botnen. Kantane rundt treng du ikkje smøre.
5. Steik kaka midt i omnen, og la den stå i minst 20 minutt før du opnar omnsdøra for å sjekke om den er ferdig med ei kakenål/grillspyd/strikkepinne.
6. Ta kaka ut av omnen og la avkjøle på ei rist i forma, gjerne opp ned. Når kaka er heilt avkjølt kan du skjære med ein tynn kniv langs kanten før du opnar forma og fjernar den.

Sjokoladeganache:

  1. Hakk sjokolade i små bitar og ha i ei skål.
  2. Varm opp kremfløyte til kokepunktet og hell den over sjokoladen.
  3. La skåla stå i ro i 2-3 minutt før du rører med ein slikkepott til du får ein jamn glasur.

Montering:

  1. Del sjokoladekaka i to og legg eine halva på eit kakefat. Kaka blir penast om du legg den opp ned på kakefatet. Botnen er alltid heilt flat og fin i motsetning til toppen som kan bule litt.
  2. Dynk kaka med kaffi og stryk uttover 1/3 av sjokoladeganachen.
  3. Legg på toppen og ha over resten av sjokoladeganachen. Er glasuren for tyntflytande kan du setje den i kjøleskap ei lita stund, er den for tjukk kan du varme den litt forsiktig.
  4. Pynt med moreller på toppen, jo fleire jo betre, og set over kaffien før du ropar inn alle rundt deg til deilig sjokoladekake.
sjokoladekake

TIPS: Du kan enkelt lage glutenfri versjon av denne kaka ved å bytte ut kveitemjølet med potetmjøl. 

sjokoadekake med kirsebær

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.