Reklame

Hamburger med blåmuggdressing

Hamburger med blåmuggdressing i samarbeid med Kefir
/annonse/

hamburger med blåmuggdressing

Hamburger med blåmuggdressing er ein ny variant av den deilige heimelaga hamburgeren. Denne gongen toppa med krema kefir-blåmuggdressing som gir ein salt og deilig smak på toppen av det heile -anbefalast!

I tillegg til dressingen må sitronmarinert rødløk nemnast som ein herleg topping. Det skjer ei forvandlinga med rødløken når du legg den i sitronsaft, og den blir liksom sylta. Den særprega rødløksmaken som ofte blir for skarp og dominerande forsvinn og blir i staden søt, rund og god. Og heile prosessen skjer medan du klargjer burgarane, så her treng du ikkje sylte og styre lang tid i førevegen!

Hamburgerbrød er også fint å lage ein dag du har god tid, og så leggje i frysaren til seinare bruk. Då kan du servere denne retten på få minutt!

hamburger med kefirblåmuggdressing

Hamburger med blåmuggdressing til 4 pers:

Hamburger:

  • 450 g kjøttdeig
  • 1 egg
  • 1 liten løk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ts sennep
  • 1 ts worchestershiresaus (sjå tips nederst dersom du manglar)
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts peppar

Blåmuggdressing:

  • 1 dl kefir
  • 150 g blåmuggost
  • 1 ts rødvinseddik
  • 1 vårløk
  • 2 klyper salt
  • 2 klyper peppar

Tilbehør:

  • 1/2 rødløk
  • 2 sitron eller sitron + lime
  • 10-12 sylteagurkskiver
  • 6-8 salatblad
  • 10-12 cherrytomat

Hamburgerbrød:

  • 2 dl vatn
  • 1,5 dl mjølk
  • 1 ss sukker
  • 3 ss olivenolje
  • ½ pk tørrgjær
  • ca 500 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • + 1 egg til pensling
  • + sesamfrø på toppen
syltet rødløk hvordan lage hamburger kefirdressing kefirdressing med blåmuggost

Slik gjer du:

  1. Del rødløken i tynne skiver, dekk med sitronsaft og la stå og godgjere seg medan du lagar klart resten.
  2. Smuldre blåmuggosten og del vårløken i grove bitar. Ha alle ingrediensane til blåmuggdressingen i ei matmølle (foodprosessor) og kjør glatt. Set til side.
  3. Finhakk løk og kvitløk og ha i ein bolle saman med egget. Visp saman.
  4. Rør inn sennep, worchestershiresaus, salt og peppar og ha tilslutt i kjøttdeiga.
  5. Bruk fingrande og bland saman til ei jamn masse, som du deler i fire.
  6. Form til flate burgerar og bruk tommelen til å lage ei lita fordjupning i midten, så slepp du at burgeren hevar seg og blir tjukkare der.
  7. Steik i litt smør/olje på middels-høg varme til burgeren er godt bruna på begge sider.
  8. Varm hamburgerbrøda raskt og server brød, salatblad, burger, blåmuggdressing, sylteagurk, rødløk og tomat.

Hamburgerbrød:

  1. Varm mjølka og vatnet til det er fingervarmt og bland med resten av ingrediensane.
  2. Elt for hand eller med kjøkkenmaskin til du har ei smidig deig.
  3. La heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.
  4. Del opp deiga i åtte emner, bruk godt med mjøl på henda og trill ut åtte bollar.
  5. Trykk bollane flate og la dei heve i 20-30 min.
  6. Pensle hamburgerbrøda med samanvispa egg og strø over sesamfrø.
  7. Steik på 200 grader i ca 10 min, til dei er gyldne.
  8. Avkjøl på rist.
  9. Brøda kan gjerne frysast, varm dei då nokre minutt etter at dei er tina under grillelementet eller på 200 grader over- og undervarme før servering.

verdens beste hamburger

Tips: Worchestershiresaus gir ein skikkeleg digg hamburger spør du meg, men manglar du ei slik flaske i kjøleskapet finnast det sjølvsagt råd! Du kan lage di eiga blanding av 2 ts soyasaus + 1/2 ts sitronsaft + 1/4 ts sukker + litt hot saus/tabascosaus/chilipulver.

Denne oppskrifta er utvikla som ein del av mitt samarbeid med Kefir.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Tine Kefir

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.