Luksusomelett

oppskrift omelett

Luksusomelett har alt det gode i seg frå vår favorittpai, men for at det skal gå endå raskare har vi skippa paibotnen. Resultatet er ein høg, luftig og smakfull omelett som mettar godt og gjer frukosten eller lunsjen til eit festmåltid.

Ruccola er min favoritt i pai/omelett med sin gode pepparsmak og mengden du kan få plass til i ei form er imponerande. Blada synk nemleg mykje, og sjølv om det ser ut til at det skal renne over går det som regel alltid bra. Deilig smak og så små og lette blad at det går fint å skjære bitar når herlegheita skal nytast.

Og du; ikkje la deg lure av at det står frukost og lunsj over her. Denne funkar fint som middagsrett også!

hvordan lage Luksusomelett

Luksusomelett

4 personar

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 pk ruccola
  • 3 aromasopp/sjampinjong
  • 3 egg
  • 2 dl mjølk
  • 1 ts oregano
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 1-2 dl reven ost (mozzarella)
  • 1-2 ss olivenolje til steiking
Luksusomelett

Oppskrift:

  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
  2. Del løk og sopp i terningar, finhakk kvitløken.
  3. Steik løken i olivenolje til den blir blank i ei steikepanne som toler å bli sett inn i steikeomnen.
  4. Ha i kvitløk og sopp og steik vidare i 2 minutt.
  5. Vask og tørk ruccolaen i ei salatslynge og fordel over den steikte løk og soppblandinga. Trekk panna vekk i frå varmen.
  6. Visp saman egg, mjølk og krydder og hell over. Har du ei stor steikepanne kan du ha i eit egg og ein dl mjølk ekstra.
  7. Strø over osten og set heile panna inn i steikeomnen, på midterste rille.
  8. La steike til egga har sett seg og osten er gyllen, ca 30 min.
  9. Server luksusomelett saman med godt brød og gjerne frisk salat.
glutenfri pai

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.