Vannmelon-ispinne

Vannmelon-ispinne

Vannmelon-ispinne er ein av dei enklaste ispinnane å lage og krev minimalt med ingrediensar. Når sant skal seiast kan du vel eigentleg berre fryse vannmelon, og så har du fiks ferdig vannmelonis.

Skal du ha endå betre is kjører du vannmelon i ein blender først, siler av steinane og blandar i litt limesaft. Vannmelonen er søt nok i seg sjølv og treng ikkje ekstra søting, men den lille ekstra spissen med lime er knakande god!

Fekk du lyst til å lage ein snerten og god ispinne? Her er alt du treng:

vannmelon is

Vannmelon-ispinne

ca 6 ispinnar

  • 1/2 vannmelon
  • 1/2-1 lime

Oppskrift:

  1. Ha melonkjøtet i ein blender. Dette gjer du enklast ved å bruke ei isskei og skrape ut kjøtet med.
  2. Kjør glatt og sil gjennom eit dørslag for å fjerne steinrestane.
  3. Rør inn limesafta.
  4. Hell over i isformer og set i frysaren i minst 4 timar.
ispinne vannmelon

«Always be your self -unless you can be Batman

-then always be Batman»

Og isen blei godkjent av Batman i huset;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.