Reklame

Laks med kefirdressing

Laks med kefirdressing i samarbeid med Kefir
/annonse/

laks med kefirdressing

Laks med kefirdressing er ein perfekt kvardagsmiddag som ikkje tek lang tid å lage og som smakar veldig godt!

Steikt laks er lett å like for små og store, men sjølv om dei små helst vil ha laks utan saus på, treng det ikkje bli ein tørr og kjedelig middag for dei andre.

Med denne dressingen som du rører saman på få minutt får du ein god syrleg topping som gjer det lille ekstra ein heilt vanleg vekedag. Sausen held seg fint nokre dagar i kjøleskap, og kan gjerne rørast saman kvelden før om det skal gå ekstra raskt å få middagen på bordet.

kefir laks dressing

Laks med kefirdressing til 4 personar:

  • 400 g laksefilet
  • 1 agurk
  • 1 granateple
  • 2 dl jasminris
  • 1-2 ss god olivenolje
  • salt og peppar
  • frisk dill
  • 2 ss smør/nøytral olje

Kefirdressing:

  • 3 ss kefir
  • 3 ss majones
  • 1/4 ts pepper
  • Skall fra 1 sitron
  • 1/2 ts salt
laks agurksalat kefirdressing

Slik gjer du:

  1. Kok jasminris ved å blande 1 del ris og 2 delar vatn med ei klype salt. Kok opp og la småkoke under lokk i ca 20 min, til risen er mjuk.
  2. Vask sitronen godt og riv det gule skalet ved hjelp av eit zesterjarn eller rivjarn. Bland saman med resten av dressingingrediensane og la stå og trekke.
  3. Del grateple i to og legg eine delen med snittflata ned i handflata. Bank hardt på skallet med ei sleiv med ein bolle under, slik at du får ut kjernene frå granateplet. Gjennta med andre delen.
  4. Del agurk i skiver eller bruk ein spiraliser til å lage samanhengande skiver.
  5. Bland agurk med olivenolje, salt og peppar. Ha i granateplet og gjerne ein skvis frå sitronen.
  6. Steik laksen på middels-høg varme i smør/nøytral olje til den er gyllen på eine sida. Snu og steik raskt på andre sida.
  7. Server ris, agurksalat og laks med deilig dressing på toppen.
tine kefir

Denne oppskrifta er utvikla som ein del av mitt samarbeid med Kefir.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Tine Kefir

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.