Fiskepakke med torsk og grønsaker

fiskepakke med torsk og grønsaker

Fiskepakke med torsk og grønsaker er digg mat å ete ute og er kjapp mat å lage på grillen. Middagen er ferdig på 20 minutt, og det gjer at du akkurat rekk å koke ris som du kan servere til!

Dermed er dette ein super kvardagsrett som er god både for små og store. Du kan variere grønsakene med det du har i kjøleskapet og etter sesong, og treng ikkje ta så mykje omsyn dei når fiskepakken skal på grillen -dei fleste grønsaker er jo best rå eller med litt knas i. Fiskepakken er dermed ferdig når fisken flakar seg, og det tek ikkje lang tid når den er i terningar.

fisk på grillen

Server pakken rett på tallerkenen med deilig dill-fetadressing og eventuelt litt kokt ris.

grill fisk torsk

Fiskepakke med torsk og grønsaker

Til 4 personar treng du:

Fiskepakke:

  • 400 g torsk
  • 1/2 raud paprika
  • 1/2 gul paprika
  • 15-20 sukkererter
  • 10 asparges
  • 2-3 ss olivenolje
  • Salt og peppar

Fetadressing:

  • 2 ss fetaost i blokk
  • 2 ss creme fraiche
  • 1 ss sitronsaft
  • 2-3 ss frisk dill
  • salt og peppar

torsk asparges fetadressing

fiskepakke med torsk og grønsaker

Oppskrift

  1. Del fisk i terningar og grønsaker i strimlar/bitar. Dess større bitar, dess lenger tid på grillen.
  2. Brett aluminiumsfolie dobbelt til ein firkant på omlag 20 x 20 cm og legg fisk og grønsaker midt på.
  3. Ringle over ligg olivenolje, krydre med litt salt og peppar og brett aluminiumsfolien, slik at det blir nesten heilt tett.
  4. Legg fiskepakkane på grillen, og grill til fisken flakar seg. (Eller legg inn i steikeomnen på 200 grader over- og undervarme.) Eg grillar ofte på indirekte varme, altså slik at eg har ganske mykje varme på feltet ved sidan av -og let det vere lite varme akkurat under sjølve fiskepakkane.
  5. Mos fetaosten med ein gaffel og bland saman med resten av ingrediensane.
  6. Opne fiskepakkane og hell over litt dressing siste minutta på grillen, eller server dressingen ved sidan av -gjerne saman med kokt jasminris.
  7. Velbekomme!
fiskepakke torsk

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.