Bringebæriskrem

bringebæriskrem

Har du lyst til å lage heimelaga iskrem men manglar iskrem-maskin? Då er dette oppskrifta for deg! Ved å nytte ei boks søt kondensert mjølk slepp du unna både å skilje egg, varme opp, kjøle ned og kjøre i ismaskin og endar likevel opp med nydeleg heimelaga is!

I denne versjonen har eg nytta frosne bringebær frå frysedisken, og det blei nydelg rosa is. Til og med gutta krutt godkjende isen og gav den beste karakter -sjølv om den hadde såkalla jentefarge!

Du treng ikkje meir enn max 15 minutt på å røre den saman, og så er det berre å setje isen i fryseboksen og glede seg til å nyte. Prøv då vel;)

bringebæris

Bringebæriskrem

Til omlag 2 liter is treng du:

  • 6 dl kremfløyte
  • 400 g søt kondensert mjølk
  • ca 400 g frosne bringebær
  • ca 2 ss sukker
  • 1 ss sitronsaft (pressa frå fersk sitron)
heimelaga bringebæris

Oppskrift

  1. Ha bringebær, sukker og sitronsaft i ei lita kasserolle og kok opp. Mos bæra godt med ei sleiv og la småkoke i 5-10 min.
  2. Klem bringebæra gjennom eit dørslag/ei sil, slik at du får fjerna steinane.
  3. Avkjøl bringebærsafta.
  4. Ha kremfløyta og søt kondensert mjølk i ein bolle og visp til krem. (Dette tek litt lenger tid enn med berre kremfløyte).
  5. Vend forsiktig inn den avkjølte bringebærsafta, her kan du velje om du vil ha heilfarga rosa iskrem eller kvit med rosa bringebærmønster.
  6. Hell over i form, dekk til, og sett i frysaren over natta.
  7. Ta ut isen litt før servering, den er best litt mjuk synest eg, og nyt nydeleg heimelaga is med frisk smak av bringebær.
bringebæriskrem

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.