Tortilla med laks, avokado og spicy dressing

tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing er laga på under tretti minutt og er difor perfekt til rask middag ein heilt vanleg kvardag -men faktisk god nok til å bli servert ein helgekveld også. Denne må du prøve!

tacolaks

Syrleg og spicy med nydelege friske smakar i ei god blande. Det einaste som treng tid på grillen eller omnen er laksen, men den steiker seg til gjengjeld sjølv nesten heilt utan tilsyn. Bland saman salaten og rør saman dressingen medan fisken ligg og godgjer seg -og så vips er middagen klar!

laks taco

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing

4 pers

  • 8 små eller 4 store tortillalefser
  • 1 hjertesalat
  • 2 vårløk
  • 1 avokado
  • 8-10 grøne asparges
  • 3 ss olivenolje
  • 2 ss eplecidereddik
  • 1 ss flytande honning
  • 200-300 g laks
  • 1 dl gresk yoghurt (eller rømme)
  • 1 ts sriracha (hot chili sauce eller 1/2 ts chilipulver)
  • 1 lime
  • salt og peppar
  • frisk koriander på toppen (kan sløyfast)

grilla laks

tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Oppskrift

  1. Del hjertesalaten i strimlar og ha over eplecidereddik og honning og vend dette inn. Set til side medan du gjer klart resten.
  2. Ringle litt olivenolje over laksen og krydre med salt og peppar.
  3. Legg laksebiten på aluminiumsfolie og grill den, eller steik den i steikpanna til den flakar seg. Bruk ein gaffel til å rive den litt frå kvarande i passe bitar.
  4. Del vårløk, asparges og avokado i bitar og ha i ei skål. Ringle over olivenolje og bland raskt saman.
  5. Del limen i to og ha limejuicen frå eine halva i ei skål saman med gresk yoghurt, sriracha og litt salt og peppar. Bland godt saman.
  6. Del resten av limen i båtar.
  7. Varm tortillalefsene litt, og server med det samme.
tortilla med laks, avokado og spicy dressing

 

 

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.