Bringebær og cashewnøtt-iskrem

sjokolade, bringebær og cashewnøtter

Bringebær og cashewnøtt-iskrem laga av nettopp berre bringebær og cashewnøtter! Er det ikkje fantastisk at dei to i saman kan bli nydeleg iskrem? Bær og nøtter altså. Eg synest i allefall at det er fantastisk!

Dette er ein perfekt ettermiddagsdessert ein dag du har lyst på noko godt men ikkje har lyst til å bruke tid på kjøkkenet. Eller ein dag du har lyst på nydeleg is med bringebærsmak!

bringebær og cashewnøtter iskrem

Bringebær og cashewnøtt-iskrem

Til 2 personar treng du:

  • 200 g frosne bringebær
  • 50 g cashewnøtter
  • 1 ss flytande honning
bringebær og cashewnøttiskrem oppskrift bringebær og cashewnøttiskrem kvardagsmat.no

Oppskrift:

  1. Ha alt i ei matmølle (foodprosessor) og kjør til du har ei jamn masse.
  2. Server med det samme, gjerne med litt riven mørk sjokolade på toppen.
  3. Mmmm! Nyt og la deg fascinere av at desse ingrediensane i lag kan bli nydeleg is!
Bringebær og cashewnøtt-iskrem

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.