Brokkolisalat

salat brokkoli

Brokkolisalat er nydeleg sommarmat og funkar både som eigen rett eller som deilig tilbehør til sommarmat. Det er verken potetsalat, waldorfsalat eller pastasalat -men liksom noko midt i mellom alle desse tre. Friskt, syrleg og søt på samme tid.

brokkolisalat

Bruk det som du ville ha brukt potetsalat, og server deilig grillmat til, eller server det som ein eigen rett -gjerne med godt brød til. Er du ikkje spesielt fan av brokkoli? Då synest eg du skal prøve likevel -for som ein av dei som smakte den uttalte: det smakar jo ikkje brokkoli jo! Tja… altså, det får vere opp til kvar og ein å avgjere -men absolutt eit argument til å prøve sjølv om grønsaken ikkje er din favoritt.

brokkoli salat

Brokkolisalat

Til 4 personar, eller som tilhøyr til endå fleire

  • 1-2 brokkoli
  • 100 g bacon
  • 1 rødløk
  • 10-12 sukkererter
  • 1 neve cashewnøtter
  • 1 neve rosiner
  • 1 neve tranebær (kan sløyfast)

Dressing:

  • 1 dl majones
  • 1 dl rømme
  • 1 ss kokosblomstsukker eller honning
  • 2 ss eplecidereddik
  • litt salt og peppar
salat brokkoli bacon

Oppskrift:

  1. Steik baconen til den blir heilt sprø, legg den så over på kjøkkenpapir slik at den får renne av seg. Del så i mindre bitar.
  2. Rør saman dressingen.
  3. Del brokkolien i små bukettar og del stilken i terningar.
  4. Del rødløk i små terningar og splitt sukkerertene på langs.
  5. Bland alt inn i dressingen, hald gjerne litt av alt tilbake  slik at du kan strø det på toppen som pynt.
  6. Nyt!
brokkolisalat

 

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.