Risnudlar med peanøttsaus

vegetar risnuddel

Risnudlar med peanøttsaus er raskt å lage og smakar skikkeleg digg. Asiatiske smakar i ei herleg blanding, med litt futt i! Perfekt kosemat, og eit fint alternativ om du vil ete vegetar ein dag.

Peanøttsausen kjørast raskt saman i ei matmølle (foodprosessor) og risnudlane skal berre så vidt trekke i varmt vatn. Då rekk du akkurat å hakke opp grønsakene du skal ha i før nudlane er klare! Eller kanskje du er like heldig som meg og får hjelp av to kjekke gutar på 5 og 7 til å skjære grønsaker?

peanøttsaus

Risnudlar får du kjøpt på fleire daglegvarebutikkar no, det står saman med vanlege nudlar, eller på Asiabutikkar. Vil du bruke andre typar nudlar i staden kan du sjølvsagt gjere det, men hugs då å rekne litt meir koketid.

Fekk du lyst til å smake? Her er oppskrifta:

risnudler med peanøttsaus

Risnudlar med peanøttsaus

Til 3-4 personar treng du:

Peanøttsaus

  • 2 ss peanøttsmør
  • 2 ss soyasaus
  • 1 ts eplecidereddik
  • 2 ss sesamolje
  • 2 fedd pressa kvitløk
  • 1 ss raspa ingefær
  • Saft frå 1/2 lime
  • 4-5 ss kokande vatn
  • 1/2-1 ts sriracha (eller red chili flakes/chilipulver)

Risnudlar

  • 250 g risnudlar
  • 2 vårløk
  • 1 squash
  • 3 gulrot
  • 10-12 sukkererter
  • Frisk koriander
  • Litt hakka peanøtter på toppen
risnudler risnudlar med peanøttsaus

Oppskrift

  1. Kjør alle ingrediensane til peanøttsausen raskt saman i ei matmølle (foodprosessor).
  2. Kok opp ei gryte med 2-3 liter vatn og 1 ts salt. Slå av varmen, trekk kasserollen vekk frå plata og ha i risnudlane. La dei trekke i ca 3 min, pass på så dei ikkje ligg for lenge då blir dei vasne.
  3. Skjær grønsakene i små terningar/bitar.
  4. Hell av kokevatnet og skyl nudlane raskt under kaldt vatn (slik du ville gjort med spaghetti).
  5. Rør inn peanøttsausen i nudlane.
  6. Bland inn grønsakene i nudlane og ha over frisk koriander og hakka peanøtter.
risnudlar med peanøttsaus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.