Bringebærkrem på mandelbotn

bringebærkrem på mandelbunn

Bringebærkrem på mandelbotn er ei flott kake å setje på kakebordet, og med sin freshe rosa farge skil den seg litt frå dei fleste andre kaker. Mandelbotnen er perfekt å lage og ha i frysaren til du treng ei kake, så er det berre å fylle med dei godsakene du vil.

17.mai kake

Denne kaka smakar syrleg og søt bringebær, og toppa med massevis av friske bær blir det ei deilig kake som fekk godkjent av smakspanelet då vi testa den i feiringa av mi kjære mor tidlegare i dag. Er det nokon som fortener ei flott kake så er det denne flotte dama! Hurra for mamma’n min:)

17.mai kake

Bringebærkrem på mandelbotn

Til ei 22 cm rund form

Botn

  • 4 eggekviter
  • 200 g sukker
  • 250 g mandlar

Bringebærkrem

  • 400 g frosne bringebær
  • 100 g sukker
  • 1/2 vaniljestang
  • 5 plater gelatin
  • 5 dl kremfløyte
  • 1 ss sitronsaft
  • Raust med friske bær til pynt

bringebærkake

bringebærdrøm

Oppskrift

Botn:

  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme og dekk kakeforma med bakepapir i botnen.
  2. Mal mandlane.
  3. Visp eggekviter og sukker til stiv marengs og vend mandlane forsiktig inn.
  4. Hell over i forma og steik midt i omnen i ca 35 min.
  5. Avkjøl kaka i forma (gjerne over natta).

Bringebærkrem:

  1. Ha frosne bringebær og sukker i ei kasserolle og kok opp på middels varme medan du stampar dei saman med ein visp eller potetstappar.
  2. Splitt vaniljestanga, skrap ut frøa ved hjelp av ei teskei og ha både stang og frø i bringebærblandinga.
  3. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i 5-10 min.
  4. Hell dei moste bringebæra over i eit dørslag og press ut all safta. Ha i sitronsafta.
  5. Knip vatnet ut av gelatinplatene og rør dei inn i bringebærsafta. Set til avkjøling medan du vispar kremen.
  6. Visp kremen luftig og vend inn bringebærsafta (det er nok at den er lunka), slik at du får ein jamn farge på kremen. Bruk lette bevegelsar slik at du ikkje slår ut lufta frå kremen.
  7. Hell kremen over den avkjølte mandelbotnen og set i kjøleskapet over natta (eller i allefall i 3-4 timar).
  8. Bruk ein tynn, skrap kniv og skjær langs kanten på forma før du løftar kakeringen forsiktig av.
  9. Pynt med friske bær og server med det samme.
bringebærkrem på mandelbotn

Inspirasjon og ide til kaka fann eg her.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.