Sponsa

Shakshuka -bakt egg i spicy tomatsaus

Shakshuka -bakt egg i spicy tomatsaus i samarbeid med Apetina
/annonse/

shakshuka

Shakshuka er ei av desse oppskriftene som det finnast like mange variantar av som kokkar. Du lagar digg tomatsaus i ei steikepanne, knekk egg over og set alt i steikeomnen til egga er ferdige. Retten skal opphaveleg stamme frå dei nordafrikanske landa og Israel, og er ein populær frukostrett der.

breakfast

Kjenner du til den mexicanske retten «Huevos Rancheros» ser du sikkert likheita, og det finnast mange tvistar og eigne versjonar av desse rettane. I denne versjonen har eg smuldra over Apetinaost før eg knekte egga over. Osten smeltar og gir ein deilig smak og tekstur til det heile -veldig godt!

oppskrift shakshuka

Shakshuka er perfekt å servere som ein god lunsj eller ein rask og enkel middag. Med godt brød til slik at du kan slurpe i deg all den gode tomatsausen, og gjerne ein frisk grøn salat slik at det blir eit litt større måltid.

frokost

Denne retten har eg laga for Apetina, som ein del av deira TasteTeam og fekk du lyst til å gå i gong på kjøkkenet og lage denne enkle retten finn du oppskrifta her!

frukost

Oppskrifta finn du på Apetina sine sider, og hugs at du kan vere med i deira #tastetwist-konkurranse!

 

stjerne Dette blogginnlegget er skrive i samarbeid med Apetina

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.