Reklame

Smoothie-bowl med jordbær

Smoothie-bowl med jordbær i samarbeid med Helios
/annonse/

  sunn smoothie bowl

Smoothie-bowl er ein av mine favorittar å starte dagen med. Krema, tjukk smoothie som du et med skei og er toppa med noko knasande og friskt. Smoothien held seg fint ein dag i kjøleskap, og derfor lagar eg alltid dobbel porsjon -så har eg klar ein til dagen etter.

Har du brune bananar liggande er dei perfekte å legge i fryseboksen for bruk til denne, då blir smoothien ekstra søt og god.

enkel smoothie bowl

Smoothie-bowl med jordbær

Til 2 porsjonar:

  • 1 (brun og frossen) banan
  • 2 dl (frosne) jordbær
  • 1 stor eller 2 små avokado
  • 1 ss Helios økologisk kokosolje
  • 0,5-1 dl kaldt vatn
  • 1 ss Helios økologisk chiafrø
  • 2 ss Helios økologisk valnøtter
  • 1 ss Helios økologisk tranebær
  • 1 ss mandelflak
  • Friske blåbær og jordbær til pynt
smoothiebowl jordbær

Oppskrift

  1. Ha banan, jordbær, avokado, kokosolje og 0,5 dl vatn i ein blender og kjør til ei jemn masse. Spe med meir vatn om det trengst.
  2. Hell over i ei skål og topp med chiafrø, valnøtter, tranebær, mandelflak og friske bær.
  3. Nyt!
Smoothie-bowl med jordbær

Denne oppskrifta er utvikla som eit ledd i mitt samarbeid med Helios.no.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.