Sjokoladepavlova med vaniljekrem og bær

sjokoladepavlova med vaniljekrem og bær

Sjokoladepavlova med vaniljekrem og bær er akkurat så mektig og god som den ser ut. Deilig sjokoladesmak blanda med vaniljekrem og det beste som finnast av bær.

Denne kaka kan du velje å enten lage i tre lag slik som eg har gjort her, eller med to lag eller ei stor kake. Oppskrifta funkar til alt, og vil du ha det enklast råd, men framleis få med den gode smaken anbefalast det å velje berre eitt lag.

Lag pavlovabotnane kvelden før, og rør då også saman vaniljekremen. Då er det berre å montere kaka den dagen du skal servere den -for denne ser aboslutt best ut når den er nypynta!

kake 17.mai

Lagar du i tre lag som på biletet kan du gjerne halde tilbake litt av kremen og servere den i ei skål ved sidan av, slik at du unngår at kaka blir så tung at ho dett saman. Eller gjer det eigentleg noko? Den smakar nydeleg utansett!

pavlova med sjokolade

Sjokoladepavlova med vaniljekrem og bær

Sjokoladepavlova

  • 6 eggekviter
  • 300 g sukker
  • 1 ss maizena
  • 1 ss balsamicoeddik
  • 2 ss kakao
  • 50 g mørk sjokolade

Vaniljekrem

  • 6 eggeplommer
  • 3 ss maizena
  • 75 g sukker
  • 1 vaniljestang
  • 5 dl H-mjølk

Pynt

  • 3 dl kremfløyte
  • Friske bær: jordbær, bringebær, blåbær, bjørnebær
  • Sitronmelisse
sjokoladepavlova med vaniljekrem og bær 17.mai kake

Oppskrift

Sjokoladepavlova

  1. Set omnen på 120 grader varmluft.
  2. Ha eggekvitene i ein miksebolle saman med 1/3 av sukkeret.
  3. Visp saman på middels hastigheit til det skummar godt. Ha i resten av sukkeret litt etter litt medan vispen går.
  4. Visp vidare heilt til du har tjukk, blank marengs.
  5. Knekk sjokoladen i bitar og smelt den over vassbad eller i mikroomn.
  6. Sikt maizena og kakao over marengsen, ha i balsamicoeddik og smelta sjokolade og vend alt forsiktig inn, til du har ei jamn røre.
  7. Fordel røra på tre bakepapirkledde steikebrett og lag 3 sirklar på 18-20 cm i diameter.
  8. Set alle bretta inn i omnen, eit nederst, eit i midten og eit øverst i omnen.
  9. Steik i 50-60 min, slå så av omnen og la pavlovabotnane stå i omnen til dei er heilt avkjølte -gjerne over natta. Botnane skal vere harde på utsida etter 30 minutts steiketid, men mjuke inni.

Vaniljekrem

  1. Splitt vaniljestanga i to og bruk ei teskei for å skrape ut frøa.
  2. Ha eggeplommer, sukker, maizena og vaniljefrø i ei lita kasserolle og bland godt saman med ein visp.
  3. Bland i mjølka litt etter litt, til du har ei jamn blanding.
  4. Set kasserolla på komfyren og varm opp på middels varme til det tjuknar.
  5. Trekk kasserolla av plata og hell vaniljekremen over på ei skål. Legg vaniljestanga i og dekk med plastfolie. La plastfolien ligge heilt ned på kremen, slik at du unngår å få snerk. Set kjølig til du skal bruke den.

Pynting

  1. Visp kremfløyta til krem.
  2. Bland saman kremfløyte og vaniljekrem ved å «skjære»/vende dei forsiktig saman, slik at den framleis er luftig når du er ferdig.
  3. Legg pavlovabotnane lagvis med krem og friske bær og server med det samme.
oppskrift pavlova

TIPS

  • Pavlovabotnane kan lagast lang tid i førevegen, og oppbevarast under eit reint kjøkkenklede eller innepakka i aluminiumsfolie i romtemperatur.
  • Pass på at du ikkje får med noko av det gule frå eggeplommane når du skal vispe eggekvitane, då vil du ikkje lukkast med å få marengs. Bollen og vispen du skal bruke må også vere heilt rein.
  • Denne kaka kan du gjerne laga i to etasjar i staden for tre, fordel då berre røra på to steikebrett i staden.

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.