Vegetarcurry

grønsakscurry

Vegetarcurry er curry med grønsaker, linser og deilige krydder med litt futt i. Curry er ein av dei rettane som fint kan lagast utan kjøt, utan at det går på bekostning av smaken.

Server vegetarcurry saman med ris og bruk dei grønsakene du har i kjøleskapet, denne gryta er fin for å ta ei opprydding i grønsakskuffen. Visste du for eksempel at brokkolistilken er super å ha i supper? Ingen grunn til å berre ete bukettane altså, berre å spare til neste suppe du skal lage og ha den i.

Eg hadde søtpotet (fortsatt ein favoritt) og pastinakk denne gongen, og det funka fin-fint!

linsecurry

Vegetarcurry til 3-4 personar:

  • 1-2 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 søtpotet
  • 1 pastinakk
  • 1 kartong (ca 300g) linser
  • 1 raud paprika
  • 2 ss red curry paste
  • 1 boks hakka tomat
  • 5-7 dl vatn
  • salt og peppar
  • 1 ss olje/smør til steiking
curry vegetar

Slik gjer du:

  1. Skrell og del løk, kvitløk, søtpotet, pastinakk og paprika i mindre bitar. Kor store du vil ha dei vel du sjølv.
  2. Fres løk i litt olje/smør til den blir blank.
  3. Ha i kvitløk, søtpotet og pastinakk og bland godt inn curry paste’en.
  4. Hell over vatnet og hakka tomat. Kok opp og la småkoke i ca 10 min.
  5. Skyl linsene gjennom eit dørslag og ha dei i gryta saman med paprikaen.
  6. La småkoke til linsene er gjennomvarme og rotgrønsakene møre.
  7. Smak til med salt og peppar.
  8. Servér gjerne med jasminris og friske urter på toppen
vegetarcurry

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.