Falafel i pitabrød

falafel oppskrift enkel

Falafel høyrest so eksotisk og vanskeleg ut, og så er det eigentleg noko av det enklaste ein kan lage på kjøkkenet -og så godt! Du må rett nok ha eit utval av krydder i skuffa, men det bør vere på alle kjøkken spør du meg -og manglar du noko har du no ei flott moglegheit til å oppgradere krydderhylla.

«No more falafel for you!» var mitt første bekjentskap med denne retten då Ross skjende på systera til Rachel (for å ha teke hol i øyrene på Emma) i ei gammal Friends-episode. Den gongen måtte eg søkje (trur ikkje vi kunne google den gongen…) for å finne ut kva falafel var – eg hadde ikkje den fjernaste anelse!

Men falafel er slett ikkje noko hokus pokus, det er berre himla godt og veldig enkelt å lage. Som å lage hamburger, berre utan kjøt. Eller fiskekaker -utan fiskelukt og filetering! Du treng ei boks kikerter, litt forskjellig krydder, ein foodprosessor (matmølle) og ei steikepanne -og så vips: deilig mat frå midtausten på ditt eige kjøkken!

falafel pita oppskrift

Fekk du lyst til å prøve? Her er alt du treng å vite steg for steg:

Falafel i pitabrød

4 pers

Falafel

  • 400 g (1 boks) kikerter
  • 1 liten løk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss finhakka persille
  • 1 ts spisskummen (cumin)
  • 1/4 ts chilipulver
  • 1/2 ts koriander
  • 1/4 ts kardemomme
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts bakepulver
  • 2-3 ss kveitemjøl (eller glutenfritt mjøl)

Tomat og rødløksalat

  • 1 liten rødløk
  • 1 vårløk
  • 8-10 cherrytomatar
  • 1 skvis sitronsaft
  • 1/2 raud chili
  • 2 ss friske urter (persille/koriander..)

Yoghurtdressing

  • 3-4 ss gresk yoghurt
  • 1 ts tahini
  • Saft frå 1/2 sitron
  • 1 god klype salt

Tillegg:

  • pitabrød
  • blanda grøn salat
  • olje til steiking
falafel oppskrift enkel oppskrift falafel lage falafel steke falafel falafel i pitabrød

Oppskrift:

  1. Skyl kikertene gjennom eit dørslag og la dei renne godt av seg.
  2. Ha alle ingrediensane til falafelane i ei matmølle med knivar og kjør til ei glatt masse. Det kan vere lurt å starte med 2 ss av mjølet og så evt. justere deiga i etterkant om den blir for laus. (Deiga kan fint oppbevarast i kjøleskap om du ikkje vil lage falafel med det samme.)
  3. Del deiga i ti like store emner og form små kuler på størrelse med ein golfball og klapp dei så flate.
  4. Ha godt med olje i ei steikepanne, og steik falafelane til dei er gylne på undersida før du forsiktig snur dei rundt og lar dei bli gylne på den andre sida. Prøvesteik gjerne ein falafel først, og sjå om den held fasongen eller om den deler seg opp. Dersom den deler seg og flyt utover blandar du inn litt meir mjøl i deiga. Falafelane skal vere sprø på utsida og mjuke inni.
  5. Finhakk og bland tomat og rødløksalaten.
  6. Rør saman yoghurtdressingen og varm pitabrøda.
  7. Server pitabrød, salat, yoghurtdressing og falafel med det samme.
  8. Håper det fell i smak, velbekomme!
falafel i pitabrød med dressing

Yoghurtdressingen er inspirert av denne frå Lise Finckenhagen:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.