Vekemeny 14

Vekemeny 14 er klar -nokre timar forseinka, men det skuldast ei veldig viktig 5 års feiring! Nokon har faktisk talt ned mot denne feiringa i eitt år, og då får vekemeny vere vekemeny og alle i heimen måtte trå til for å lage den feiringa (den komande) femåringen hadde førestilt seg!

Guten blei strålande nøgd med den flotte sjørøverkaka som han og faren planla og bygde medan mor var i storbyen for å steike sveler;)

sjørøverskute kake oppskrift sjørøverskute kake sabeltannskute

Og apropo svelesteiking: tusen takk til alle blide fjes som stakk hovudet innom på Kefir-smakslabben og gav eit smil og ein fin kommentar, det sette eg pris på sjølv om det blei noko hektisk steiking ei stund der! Håper svelene fall i smak, og at de har funne fram oppskrifta her på bloggen og servert sveler i heimen!

I tillegg til svelesteiking denne veka har eg også fått vere med på å kickstarte Apetina sin nye konkurranse: #tastetwist – der du kan vinne flott kjøkkenutstyr! Du finn alt du treng å vite i dette innlegget, og eg håper det er mange der ute som let seg inspirere til å gå i gong på kjøkkenet og lage sin favoritt!

Dermed er vel forrige veke raskt oppsummert, og det er på tide å tenkje på den komande. Eg har sett saman ein ny vekemeny med både vegetarrett, fisk, suppe og godsaker til helga som eg håper fell i smak!

Lagar du noko godt vil eg gjerne sjå det på Instagram eller Snapchat: @kvardagsmat.

Ha ei fin veke!:)

Vekemeny 14:

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Noko godt:

Vekas brødmat:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.